FantasienSjakk spela ei sentral rolle i dømesoger av italienske munkar på 1200-talet. I sjakkspalta i førre veke såg vi korleis eit sjakkparti kan vera eit bilete på russisk politikk. I dag går vi til den amerikanske populærkulturen og satirikaren Bruce

Ingen veit kva designaren har tenkt, men slik presenterte arrangøren logoen til VM-kampen i november mellom Magnus Carlsen og Fabiano Caruana.
Ingen veit kva designaren har tenkt, men slik presenterte arrangøren logoen til VM-kampen i november mellom Magnus Carlsen og Fabiano Caruana.
Publisert

Sjakk spela ei sentral rolle i dømesoger av italienske munkar på 1200-talet. I sjakkspalta i førre veke såg vi korleis eit sjakkparti kan vera eit bilete på russisk politikk. I dag går vi til den amerikanske populærkulturen og satirikaren Bruce Handy, som har ei historie der den tredje scena i korte (sjakk-)trekk går slik: Ei attraktiv kvinne, Kendra Madison, ligg på skinnsofaen når det ringer på døra. Utanfor står den sporty Rick Wood. Rick kjem for å henta kjærasten sin, Alexis, som deler husvære med Kendra.

Rick: «Hei, Kendra, kjem Alexis snart?» Kendra: «Ho kler seg.» Dei går inn og set seg på sofaen. Kendra bryt til slutt tystnaden: «Eg veit det ikkje er rett, men eg har ein fantasi om å spela sjakk med deg.» Rick: «Å, eg veit ikkje. Alexis er så sjalu når det gjeld sjakk.» Kendra: «Berre eit lynparti. Alexis får ikkje vita noko.»

Rick tek fram ei sjakklokke. Dei byrjar roleg, men spelar så snøggare og snøggare. Rick: «Eg likar korleis du flyttar lauparen.» Kendra: «Mmm. Du kan ta springaren min, om du vil.»

Alexis kjem brått inn i rommet: «Kjærasten min og bestevenninna mi spelar sjakk!» Rick (held hendene over brettet): «Det var berre eit venskapeleg parti.» Kendra: «Eg er så lei for det. Rick ville aldri ha spela om eg ikkje hadde masa på han.»

Alexis (roar seg ned): «Ja ja, kan henda ville det vera interessant om vi spela alle tre?» Rick: «Sjakk med tre spelarar?» Alexis: «Eg har alltid ynskt å spela sjakk med ein mann og ei anna kvinne.» Kendra: «Eg gjorde det ein gong. I Oxford.»

Dei byrjar spela. Kendra: «Kven styrer den dronninga der? Kven rokerte no?» Alexis (ristar på hovudet): «Dette er gale. Vi øydelegg det som skulle vera eit vakkert spel.» Dei andre nikkar. Alexis: «Eg trur vi har lært at eit sjakkparti er best mellom to menneske, trass alt.» Rick: «Ja, to menneske i ei sjakkpakt.»

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement