Teknologi
Fanta
Herleg appelsinbrus med perlande kolsyra med ein smak langt unna originalen.
Foto: Per Thorvaldsen
Eg er heldig. Framfor meg sit det ei rad elektrikarar, prosessteknikarar, ein røyrleggjar og ein snikkar, berre for å nemna nokre av yrka. Kvifor er dei her? Dei vil omskolerast og verta ingeniørar. Dei vil vekk frå handverksyrket, kalde bilar og råbygg og inn i eit koseleg kontor med framtidsutsikter og høgare løn.
Dei har ikkje generell studiekompetanse og treng difor påfyll i fysikk, matematikk, språk og eit emne som heiter teknologi og samfunn. Kva kan eg læra dei? Kanskje læra dei å læra. Sjølv om eg er fysikar, eller kanskje nettopp difor, har eg fått i oppgåve å få dei til å forstå samanhengen mellom teknologi og samfunn. Eit fantastisk danningsfag som nyttefantastane vil fjerna. Eg skal berre ta svanesongen dette semesteret.
Me startar med å gå gjennom læringsutbyteforklaringa, som er eit ektefødt barn av Bologna-prosessen. Ho er så vag at eg må fortelja kva dei eigentleg skal læra. Me startar med å finna definisjonar på teknologi og samfunn. Eg ber dei bruka kunstig intelligens. Kvifor? Av di det er den beste læraren ein kan få. Han er alltid tilgjengeleg, og veit du å stilla dei rette spørsmåla, så får du dei gode, rette svara.
Eg fortel dei då som sant er, at eg har førebudd meg til dei delane av emnet eg ikkje hadde full kontroll på ved å bruka kunstig intelligens. Det har vore ei fantastisk reise i tema som demokrati, maktfordeling og sånt. Det som trigga meg, var at læreboka hadde så liten skrifttype at eg ikkje kunne lesa ho. Den boka har eg sjølvsagt gjeve til studentane.
Som eit døme på teknologiutvikling nemner eg nærleiksgranatar frå andre verdskrigen som gav oss krinskort med påmonterte komponentar som tolte alt. Det gav støyten til integrerte krinsar, datamaskinar, internett og no kunstig intelligens.
Me vert samde om at krig er ei god kjelde til teknologiutvikling, for i krig har økonomane ingenting dei skulle ha sagt. Eg spør om det er fleire gilde nyvinningar frå krigen. Då kjem svaret eg aldri hadde forventa. Ein av studentane fortel at tyskarane fann opp Fanta under krigen då dei ikkje fekk tak i råvarer til å laga Coca-Cola.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.