Teknologi

Fange tida

Å liggja på ryggen og glo på skyer er det beste tidsfordrivet.
Publisert Sist oppdatert

Finst det ei oppskrift på eit langt liv? Ja, det er berre å kjeda seg. Då går tida langsamt. Sjølv elskar eg å liggja og sjå på skyer. Skyer minutt for minutt. Serien NRK gløymde å laga. Særleg er det gildt når skyene endrar seg nærast umerkeleg. Eg stirer hardt og lenge for å oppdaga endringar. Kor langsame rørsler er det mogleg å sjå?

Eg har ikkje tolmod til å finna svaret og søkjer forsking på feltet. Mennesket si evne til å oppdaga rørsle målt i grader per sekund er avhengig av fleire faktorar, som lystilhøve, retninga på rørsla, storleik og form på det ein observerer, og om rørsla skjer i sentrum eller i periferien av synsfeltet. I tillegg har ein hjernens evne til å prosessera synsinntrykk.

Det finst difor ikkje eitt enkelt tal som gjeld for alle situasjonar, men her er eit generelt funn. Den treigaste rørsla me kan observera, er på om lag 6 bogeminutt per sekund. Kor lite er eit bogeminutt? Vel, det er den minste vinkelen me kan sjå, 1/60 av ein grad, og utgjer om lag 3 millimeter på ein avstand av 10 meter.

For å oppdaga langsam rørsle må me sjå noggrant på det som rører seg, minst i nokre hundre millisekund. Forenkla kan synet vårt sjåast på som ei rad bilete etter kvarandre i tid, som ein film. Dersom me skal fanga opp rørsle som er treigare enn det me kan observera, kan me til dømes bruka eit mobilkamera med intervallfotofunksjon. Kameraet vil då ta mange einskildbilete med jamne mellomrom over ein lengre periode, og deretter setje dei saman til ein video som blir spela av i normal fart. Dette gjer at langsam rørsle ser raskare ut.

Eg vert stadig like forundra over kor dramatiske desse filmane verkar. Skyer som fer over himmelen, og planter som spirer, veks og døyr i løpet av nokre sekund. Me er i ei anna verd. Intervallfoto vert brukt i forsking på ei rad fenomen innan astronomi, biologi, skyfysikk og nordlys. I miljøvitskap kan ein sjå korleis is og isbrear endrar seg, og korleis menneskeleg aktivitet påverkar miljøet.

Men kva er då dei raskaste rørslene me kan sjå? Vel, det kjem an på auga som ser. Når ein beveger auga, skjer det med raske rykkjande rørsler, såkalla sakkadar, som flyttar fokus frå eitt punkt til eit anna. Maksimalt kan eit menneske sjå noko som fer forbi synsfeltet på 0,2 sekund.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement