Fakta om Hastings

Deltakarar i slaget om Hastings i 1895: Ståande, frå venstre: Albin, Schlechter, Janowski, Marco, Blackburne, Maróczy, Schiffers, Gunsberg, Burn, Tinsley. Sitjande: Vergani, Steinitz, Chigorin, Lasker, Pillsbury, Tarrasch, Mieses, Teichmann. Fråverande: von Bardeleben, Mason, Walbrodt, Bird.
Deltakarar i slaget om Hastings i 1895: Ståande, frå venstre: Albin, Schlechter, Janowski, Marco, Blackburne, Maróczy, Schiffers, Gunsberg, Burn, Tinsley. Sitjande: Vergani, Steinitz, Chigorin, Lasker, Pillsbury, Tarrasch, Mieses, Teichmann. Fråverande: von Bardeleben, Mason, Walbrodt, Bird.
Publisert

Hastings er ein engelsk kystby søraust for London. Byen er litt mindre enn Drammen, med rett under 100.000 innbyggjarar. Eg trur det er trygt å byrja denne faktasjekken i 1066.

Slaget ved Hastings 14. oktober 1066 vart vunne av normannarane og Vilhelm Erobraren, som vart ny engelsk konge. Språket engelsk endra seg kraftig og fekk langt fleire franske lånord enn andre germanske språk. Ein sjakkbonde (tysk: ‘Bauer’) vart difor ‘pawn’ på engelsk, frå fransk ‘pion’ (latin ‘pedes’; fotsoldat).

I 1895 vart hundreårets viktigaste sjakkturnering arrangert i Hastings. Den fyrste verdsmeisteren, Wilhelm Steinitz, slo tyskaren Curt von Bardeleben med ein fantastisk kombinasjon som gjorde at von Bardeleben forlét spelelokalet utan å venda attende eller formelt gje opp partiet. Von Bardeleben inspirerte Vladimir Nabokov til å skriva den store sjakkromanen Luzjins forsvar i 1930.

Vinnaren i 1895 var amerikanaren Harry Pillsbury, minnemeister med skyhøg IQ som døydde altfor ung av syfilis. Von Bardeleben, på si side, hoppa ut or eit vindauga. Turneringa vart arrangert av F.W. Womersley, som var lokal sjakkspaltist og klubbmeister i mange år.

13. september 1911 vart Womersley (72) drepen på kontoret sitt med to skot. Apotekaren i byen, Joseph James (52), vart arrestert med ein revolver og avhøyrd av inspektør Chantler (35). Saka fekk ei dramatisk vending då Chantler, ei veke seinare, den 20. september, skaut seg sjølv i munnen med revolveren til James. Sjølvmordet er framleis ei gåte, men apotekaren vart dømd til eit liv på institusjon. Sjakkhistorikaren Edward Winter har undersøkt saka særs grundig.

Geniet Alan Turing (1912–1954) voks opp i Hastings. I 1952 konstruerte han det fyrste dataprogrammet som kunne spela sjakk. Det tok ein halv time å effektuera algoritmen manuelt for kvart trekk. Programmet tapte eit parti mot ein kollega av Turing.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement