Dyr

Kvifor skal vi stoppe ved 100 år, når det finst andre dyr som kan bli ufatteleg gamle?

Evig liv

Håkjerringa kan leve i 500 år – i vatn nær frysepunktet og stummande mørker. Kor freistande er det?
Publisert Sist oppdatert

Mange religionar kan love evig liv for dei rettruande, men det er medisin, vaksinar og kamp mot fattigdom som har ført til at menneske i dag kan vente å leve i 80–90 år og ikkje 35, som var gjennomsnittleg levealder i Europa på 1600-talet. Vi kan vere godt nøgde med eit slikt livsløp, sidan dei næraste slektningane våre, primatar som gorillaer og sjimpansar, vanlegvis ikkje blir eldre enn 40–50 år. Men kvifor skal vi, det smartaste dyret av alle, stoppe ved 100 år, når vi veit at det finst andre dyr som kan bli ufatteleg gamle?

Hjarte på rette staden

Det beste dømet er haien håkjerring, som har det lite kledelege latinske namnet Somniosus microcephalus (den søvnige fisken med den vesle hjernen). Håkjerringa lever på djupt og iskaldt vatn, ned til 1000 meter, dei blir kjønnsmogne først når dei er 150 år gamle, og kan leve i opptil 500 år, det vil seie at det finst håkjerringar som blei klekte då Martin Luther slo opp dei 95 tesane sine på kyrkjedøra i Wittenberg.

Håkjerringa er av dei aller største haiane, men alderen kjem nok mest av at fiskar er eksoterme, med same temperatur som omgivnadene, og å sige sakte rundt i mørkeret med kroppstemperatur på frysepunktet ser ut til å fungere godt som kur mot rask aldring.

Men vi er pattedyr og ikkje vekselvarme fiskar og har truleg lite å lære av håkjerringa. Og kven vil vel ha tenåringar i huset til dei fyller 150? Då må det vere meir å hente hos andre varmblodige dyr på landjorda. Kanskje det er storleiken som tel.

Det har ofte blitt hevda at alle dyr har fått tildelt eit visst tal hjarteslag, og at små dyr med rask puls lever tilsvarande kortare liv, men den teorien er det lite hald i. Hjartet til eit menneske som døyr når det er 70 år, har slått om lag 2,5 milliardar slag før pulsen stilnar, medan ein elefant som lever like lenge, vil ha under halvparten så mange hjarteslag. Ei spissmus, med puls på 500 slag i minuttet, som døyr når ho er eitt år, vil ha berre ein tiandedel av hjarteslaga til eit menneske. 

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement