Etter alt å døma

Publisert

Fælslege brotsverk, til dømes vandalisering av heilagdomar, valdsbruk og annan styggedom, set i gang ei hendingsrekkje me kjenner godt no. Fyrst rykkjer folk i høge stillingar ut og fordømer handlingane. Dinest er det nokre aviskommentatorar og kommentarfeltskribentar som førehandsdømer den eller dei som står bak. «De må fri dykk frå fordomane», får dei høyra.

Etter kvart kjem domaren på bana, i biletleg meining. Domaren i retten har ikkje domarfløyte og assistentdomarar med flagg, men kappe og framifrå dømekraft, er von. Slike domarar spring ikkje, dei sit. På ein domstol? Ja, det er mogleg, men ikkje so vanleg i dag, å nytta domstol om den handfaste domarstolen. Frå stolen feller domaren domar. Me har milde og strenge domar, dom på og utan vilkår, høgsterettsdom, tingrettsdom, frifinningsdom, forvaringsdom og andre domar. Men ikkje dødsdom.

Ordet dømekraft er eit kraftfullt døme på at døming ikkje er avgrensa til domsmakta. Dom og døma kjem av ei germansk rot som tyder ‘gjera, stilla, setja’. Av denne rota kjem òg nederlandsk doen, engelsk do og tysk tun (‘gjera’). Nokre har gissa at vårt do (‘toalett’) er ein eufemisme som heng i hop med lågtysk don (‘gjera’) og opphavleg hadde forma do-hus («gjerahus»). Om det er rett, får andre døma om.

Nokre dom-ord kjem av latin domus (‘hus’) og høyrer ikkje heime her, til dømes domkyrkje. Slektstreet er likevel stort: Dom og døma heng i hop med ord som dont, doning, dåd, danna, døme og etterfestet dan (jf. bm. hvordan, likedan og sådan). Dom har lenge vore nytta i tydingane ‘avgjerd, meining; rettsavgjerd’. Det er òg gamalt å nytta dom på meir svevande vis om ‘tilstand, eigenskap, måte’ (jf. «i dyre domar»). Alt i dei gamle måla vart dom nytta som etterfeste (t.d. norr. vísdómr). I nokre tilfelle har døme teke over: No er keisardøme vanlegare enn keisardom.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement