Etikk og underhalding
I koronaens tid nytta arrangøren fiktive figurar til gruppebiletet av kandidatane.
Pressefoto
Prinsipielt sett er det noko som skurrar når kandidatturneringa i Jekaterinburg i Russland er den einaste større sportshendinga som ikkje vert stansa i ei absurd verd. Sjakken er ikkje solidarisk med sportsrørsla og syner nok ein gong at etikk ikkje er vårt sterkaste kort. (Eg minner om den kontroversielle verdsmeisterskapen i snøggsjakk i Saudi-Arabia i 2017 og at VM-kampen seinare i år vert arrangert i Dubai.) Den aserbajdsjanske stormeisteren Tejmur Radzjabov trekte seg i koronaprotest og vart erstatta av franskmannen Maxime Vachier-Lagrave. Den tidlegare verdsmeisteren Vladimir Kramnik protesterte og trekte seg som kommentator.
Den kjende uavhengige russiske sjakkjournalisten Jevgenij Surov, som aldri er samd med autoritetar, drog til Jekaterinburg for å skriva kritisk om turneringa. Han vart som einaste journalist nekta akkreditering av verdssjakkforbundet FIDE, som er styrt av russarane. Surov skreiv då i staden ein reportasje frå Jeltsin-senteret, som ligg eit steinkast frå speleplassen. Russlands fyrste president, Boris Jeltsin, kom frå denne byen, som i sovjettida heitte Sverdlovsk. Jeltsin, trass i alle sine feil, styrte eit land med ytringsfridom.
Men pragmatisk sett finst det nok av argument for å samla dei åtte kandidatane i storbyen aust for Uralfjella. Det er den viktigaste turneringa i sjakkverda: Kven skal få utfordra verdsmeister Magnus Carlsen i desember? Millionar av sjakkfans på internett kan fylgja åtte menn bøygde over fire bord i tre veker. Smittefaren er kan henda ikkje større enn når journalistar sit time etter time i TV-studio og diskuterer koronakrisa. Men på same vis som ingen vil verta overraska om ein journalist vert sjuk, vil ingen verta overraska om ein sjakkspelar vert sjuk. Og då er moroa slutt.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.