Ethoxyquin
Utan ethoxyquin i fiskefôret blei laksen litt sunnare sommarmat for grillglade nordmenn.
Foto: Pxhere
Sommaren er på hell, mørke augustkveldar lover nypotet og fersk sild. Eg er glad i å grille mat om sommaren, og eg er takksam for at vi får tak i så mykje god, sunn og fersk mat både i butikkane og rett frå naturen.
Samstundes veit eg at overalt på jorda finn vi spora frå antropocen. Det finst ikkje noko mat som er heilt rein, men berre ulike gradar av forureining. I ei verd der vi har fylt opp alle økosystem med miljøgift, må vi stole på at nokon reknar ut for oss kva som er akseptabelt maksimum inntak i veka (acceptable weekly intake, AWI) og at maten vår held seg under desse faregrensene.
Vi skal alle døy ein gong, og mangel på mat eller mangel på viktige næringsstoff er framleis eit alvorlegare problem for folkehelsa enn giftstoffa. Men likevel, kor mykje mjølk kan du trygt drikke på ei veke? Kor mykje ost, kjøt eller feit fisk kan du ete?
Somme giftstoff samlar seg opp i næringskjeda, somme er farlegast i blanding (cocktaileffekten), andre kan vere skumle sjølv i veldig små mengder fordi stoffa sjølve eller nedbrytingsprodukt av stoffa kan påverke arvematerialet i kroppen vår. Ethoxyquin er eit stoff av den siste typen, og merkeleg nok har det fram til nyleg vore ein del av fôret til oppdrettsfisken.
Fiskemjøl frå Peru
Utanfor kysten av Sør- og Mellom-Amerika er det rike bestandar av stimfisk som ansjos og makrell. Dette er feit fisk som høver godt som menneskemat, men som òg er ei ettertrakta råvare til dyrefôr og fiskefôr. Ettertrakta fordi det er ei rimeleg råvare, og fordi feit fisk frå den sørlege halvkula har mindre miljøgift i seg enn fisken frå nord.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.