Ord om språk

Eldsjel i skirselden

Publisert

«Eld og vatn er vonde herrar, men gode tenarar», vert det sagt. Folk har lenge ottast lauselden eller skadeelden. Stundom er det eldspåsetjarar som står bak, andre gonger er det eit uhell (jf. vådeeld). Etter storbrannen i Bergen 19. desember 1561 skreiv Absalon Beyer i dagboka si at brannen byrja då ei jente på 13–14 år skulle varma seg mat. Ho la eit fang med spøner attmed eldstaden og gjekk ut ein augneblink, og «der sprank en gnist aff gruuen vdi spønerne, der aff tendes ilden op».

Ordet eld er ikkje eldfengt (‘lettenneleg’) eller eldsfarleg i seg sjølv. Eld er snarare ei eldfast form som ber i seg mange gloheite saker utan å ta skade av det. Dessutan har det former som er lette å kjenna att: Attåt vårt eld (av norr. eldr) har me svensk eld, islandsk og færøysk eldur, dansk og bokmål ild. Orda eise (‘open eldstad, esse’), eim, eimørje (‘glohaug’) og usle (‘glodunge, hop; avfall, rusk’) er nærskylde eld. Ikkje uventa kjem dei av ei rot som tyder ‘brenna’.

Nokre har meint at det norrøne adjektivet elskr (‘som er glad i, har kjær’) og det avleidde verbet elska er i ætt med eld. Ja, det er i alle fall ei gamal gjerd å nytta ord for varme om kjærlege kjensler («brennande kjærleik», «ei gamal flamme»). Sterk ihuge vert òg kopla til varme. Me kan stå med eldfulle augo på talarstolen og halda eit innlegg som er so eldande eller flammande at folk plent vert eldraude av oppgløding. Eldsjeler skapar ofte eldhug for ei sak, men nokre har for mange jarn i elden og vert utbrende.

Det kan vera fint å elda i omnen eller peisen og sitja framfor elden med eldvatn i glaset og baktala folk ein ikkje vil ta med eldtong. Helveteseld, derimot, er alt anna enn triveleg. Det same kan me seia om artillerield og granateld (jf. «opna eld», «koma under dobbel eld», «skulla i elden»). Den som råkar borti ein eldsprutande drake, bør vera snar som ein elding (‘lyn, lynblenk’).

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement