Ekte spelarar

Anatolij Karpov.
Anatolij Karpov.
Publisert Sist oppdatert

Anatolij Karpov, verdsmeister i sjakk frå 1975 til 1985, er ein spelar – ikkje ein rasjonell analytikar som Botvinnik eller Kasparov. Karpov kan spela alle spel. Som hos «Spelaren» til Dostojevskij har han ei irrasjonell tru på at lukka vil snu når resultata går han imot.

Det går mest i biljard og kortspel. Under den bitre konflikten med Garri Kasparov, som tok sjakktrona hans i 1985, var det berre éin plass dei to kunne møtast utan skjellsord: over eit slag kort. Då dei var i sveitsiske Luzern og forhandla om ein ny VM-kamp, var hatet intenst på båe sider. Men då drøftingane var over, skal Karpov ha spurt: «Skal vi ta eit slag kort?»

Og på flyet frå London til Leningrad – ved skifte av speleplass halvvegs i VM-kampen i 1986 – møttest erkefiendane Karpov, Kasparov og trenarane deira til favorittkortspelet belote.

Karpov var sjølvsagt ikkje den fyrste speleglade verdsmeisteren. Den 8. mars 1942 døydde den cubanske eksverdsmeisteren José Raúl Capablanca på veg til ein bridgekveld på Manhattan. Tyskaren Emanuel Lasker, som var sjakkverdsmeister i 27 år, frå 1894 til 1921, tok lange avbrot frå sjakken for å spela bridge og brettspelet go, der han òg var i verdstoppen.

Men den fyrste store spelarlegenda var franskmannen Alexandre Deschapelles. Han kjempa for Napoleon, som sjølv var ein dugande sjakkstrateg. Etter at Deschapelles miste høgrearmen på slagmarken, spela han biljard som ingen annan med venstrearmen. Han lærte seg reglane i dam og slo den franske meisteren i spelet. Og han studerte sjakkteori i fire dagar. Det var nok til at han vart den fremste sjakkspelaren i verda i ein periode på 20 år. Han gjekk lei av sjakk i 1822, og byrja spela whist. Ein sokalla «Deschapelles coup» er framleis ein strategi i bridge og har vore nytta av den norske verdsmeisteren Geir Helgemo.

Heime i Noreg er sjakk og bridge ein kjend kombinasjon, mellom teikneseriane i Aftenposten, Dagbladet og VG. Sjakkspaltisten i Aftenposten frå 1936 til 1971, Storm Herseth, kom som best berre på 2. plass i noregsmeisterskapen i sjakk. Men han vart om ikkje anna noregsmeister i bridge.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement