Frå bridgeverda

Ekte kjærleik

Zia Mahmood, elegant og verdsvan bridgeconnaisseur.
Publisert Sist oppdatert

Kvar bur Zia Mahmood? Er det i London, eller er det i New York, eller kanskje båe stader? Han dukkar opp overalt, som den verdsmannen han er. Som den verdsmeisteren han er.

Han deltok i VM no nyleg, på det amerikanske seniorlaget. Der vart det berre bronse. I open klasse i VM i 1981 representerte han derimot heimlandet Pakistan, og drog dei til eit sensasjonelt sylv. Zia – etternamnet treng ikkje nyttast i bridgekrinsar, for alle veit kven han er – vart fødd i Karachi i dåverande Britisk India, men kom til England som seksåring for å gå skule. Han vart rekneskapsførar og arbeidde nokre år som det. Men så vart han altså bridgestjerne, og noko såpass sjeldsynt som ei bridgestjerne som faktisk ter seg som ei stjerne.

Dei seier at han går til frisøren sin kvar einaste dag; dette trur eg helst må vera i London. Men han kan rekke ein robberbridge om store pengar i New York same kveld. Dei fleste makkerane han har spela nokolunde fast med, har vore sterke amerikanarar. Men Zia kan gjera det skarpt med nærast kven som helst som makker. Han har spelet i blikket og fingertuppane, les bordet som ei open bok.

Ein laurdagskveld var eg så heldig å få dele ein drosje med han i London, på veg frå ei tevling til favorittrestauranten hans. Han ringde dit og presenterte seg berre som Zia, bad om eit bord. Hovmeisteren sa det var fullt, Zia svara: «See you in ten minutes, then.»

Vi kom dit og fekk eit bord. Eg har aldri sett nokon tinge stendig nye påfyll av raudvin i eit slikt tempo, og eg har aldri sett nokon dirigere servitørane ikring på ein så oppfarande, arrogant og – merkeleg nok – samstundes elskverdig måte. Magisk var det òg korleis han greidde å fråsse med alltid ulastelege manerar, samstundes som han med store geberdar og nådelause ord analyserte dagens bridge og dei tallause tåpelege feila gjorde av dei fleste andre enn han sjølv.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement