Frå sjakkverda
Eit sjakkliv i parken
Verdsmeister Tal, med ein hatt laga av avispapir, spelar mot tenåringen Dmitrij Gnesin (1965–1982). Biletet er frå arkivet til Zusmanovitsj.
Eg reknar parksjakken i Sovjetunionen som høgdepunktet i sjakkhistoria dei siste 1500 åra. Det er ein kultur eg stadig kan henta inspirasjon frå. Parksjakken, der kjenslene kunne bløma fritt, var ein fin kontrast til det internettfrie, grå sovjetiske samfunnet.
Det sovjetiske folket var sjakkkyndig og elska parkane sine. Her skipa dei si eiga vesle verd, amatørar og sterke sjakkspelarar som ikkje fann seg til rette i systemet. Dei spela om pengar, dei drakk, og timane gjekk. Verdsmeister Mikhail Tal var ikkje som andre verdsmeistrar, han kunne koma innom og spela lynsjakk med sjakkbohemane og bomsane.
Historia eg fortel i dag, er trist, men truverdig. Ei av kjeldene er ein av dei fremste sjakkhistorikarane frå den tida, Jakov Zusmanovitsj, som seinare emigrerte til USA.
Dmitrij (Dima) Gnesin var kjend for å spela snøgt. Han skal ha vunne mot Tal i parkane. Ein gong vann han gifteringen til stormeister Valentin Arbakov, kongen av parklynsjakk i Moskva. Dagens bilete er det einaste provet vi har på eksistensen til den tynne guten Dima, utanom nokre resultatlister frå parkturneringar, der han – med den sovjetiske tittelen «meisterkandidat» – kjempa i toppen mot den «alternative» sjakkeliten.
Ein dag i parken i 1982 møtte Gnesin ein armenar. Gnesin vann 2000 rublar, ein stor sum på den tida. Han drog heim til armenaren for å krevja inn pengane. Gnesin tok med seg kameraten Ruslan, som dreiv med karate. Ruslan venta utanfor blokka, og Gnesin gjekk opp til armenaren. Etter ti minutt ringde Ruslan armenaren frå ein telefonkiosk.
– Kvar er Dima? Eg er kameraten hans og står utanfor.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.