Eit olja lyn Magnus Carlsen hadde smurt maskineriet godt dei siste dagane av Steel i . Instrumenta i torturkammeret hans glinsa då klientane banka på døra i sluttspelet. Sigeren i 12. runde mot russaren
Instrumenta i torturkammeret hans glinsa i sluttspelet.
Foto: Alina l'Ami
Magnus Carlsen hadde smurt maskineriet godt dei siste dagane av Tata Steel Chess i Wijk aan Zee. Instrumenta i torturkammeret hans glinsa då klientane banka på døra i sluttspelet. Sigeren i 12. runde mot russaren Maksim Matlakov kan ingen i verda gjera han etter.
Korkje datamaskinane eller ekspertkommentatorane fann nokon reell føremon for kvit i sluttspelet, men taktikken til Carlsen var klår: Så lenge det ikkje var remis, skulle han spela vidare i eit tårn- og lauparsluttspel. Og verdsmeisteren spela snøgt. På eit tidspunkt hadde han att nesten to timar meir på klokka enn russaren. «Når føremonen er så mikroskopisk, må eg ta tida til hjelp», sa Carlsen etterpå.
Då han til slutt vann partiet og kom seg gjennom dei 13 rundane utan tap, var nesten alt som før. Carlsen stod øvst på lista, for 29. gong i ei såkalla klassisk «superturnering», men faktisk for fyrste gong sidan sumaren 2016. Men det var éin detalj: Heimespelaren Anish Giri hadde like mange poeng, ni av 13.
Dei to måtte ut i omspel, to parti lynsjakk. Carlsen har ikkje tapt eit omspel sidan 2007, og han er regjerande verdsmeister i lynsjakk frå romjula. I fyrste parti fekk Carlsen opp eit sluttspel av den typen han skjønar betre enn nokon annan. Føremonen var mikroskopisk, men Carlsen hadde det vesle initiativet som gjorde at han på ny kunne opna torturkammeret der ingen motstandarar kjem ut levande. I det neste partiet gjekk Giri rett til åtak mot kongen til Carlsen. Verdsmeisteren gav ein bonde for å få motspel, men då Giri seinare bytte dronningar, var det klårt at Carlsen ikkje kunne tapa. Carlsen hadde vunne det niande omspelet på rad.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.