Sjakk

Eit mytemøte

Frå intervjuet med Arne Zwaig i Norsk Sjakkblad nr. 2/2005.
Frå intervjuet med Arne Zwaig i Norsk Sjakkblad nr. 2/2005.
Publisert

Om lesaren vil verta ein myte, har eg berre eit tips: Fyrst må du gjera noko eit miljø set pris på, og så må du forsvinna sporlaust frå ein dag til ein annan.

Då eg var redaktør av Norsk Sjakkblad, ville eg dyrka mytane. I februarnummeret i 2005 fekk eg eit slikt mytemøte, eit portrett over tre sider, med Arne Zwaig. Det er det siste vi såg til han på prent. Han døydde i påska i år, 75 år gamal.

Zwaig forsvann frå norsk sjakk alt i 1977, kort tid etter ein remis med svart mot eksverdsmeister Smyslov i Hastings-turneringa. Den fyrste kjende remisen hans kom derimot 15 år tidlegare. Dette er den mest mytiske remisen i norsk sjakkhistorie.

Zwaig var eit vedunderbarn og spela på det norske OL-landslaget i 1962, berre 15 år gamal. Noreg møtte Sovjet som stilte med Petrosjan på fyrstebord (verdsmeister 1963–69) og Spasskij på andrebord (verdsmeister 1969–72). På tredjebord spela estlendaren Paul Keres mot ein skulegut frå Oslo. Keres var på den tida rekna som den beste spelaren som aldri vart verdsmeister – han fekk ikkje lov av sportskomiteen i Sovjet å utfordra verdsmeister Botvinnik av di han ikkje var god nok russar.

Keres styrte partiet inn i eit tårnsluttspel, der han var ein verdsleiande autoritet. Stillinga var vanskeleg for unge Zwaig, men etter over sju timars spel kjempa nordmannen seg til ein sensasjonell remis. Keres, kjend som sjakkens gentleman, var i elendig humør etter fadesen, fortalde Zwaig meg.

I 1964 vann Zwaig noregsmeisterskapen. Han var berre 17 år og den yngste meisteren vår før Simen Agdestein vann som 15-åring i 1982. Zwaig byrja satsa profesjonelt på sjakk. Han starta tidsskriftet Patt og gjorde i 1973 eit oppsiktsvekkjande intervju med den drapsdømde sjakkentusiasten Fredrik Fasting Torgersen. Zwaig engasjerte seg i kulissane i Torgersen-saka dei neste 30 åra. Men frå sjakken forsvann han.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement