Ord om språk

Eit mønster for andre

Ord om språk
Publisert Sist oppdatert

Faste lesarar veit at spalta vert skriven etter eit fast mønster. Det fyrste avsnittet er ei mønstring av ordtak og vendingar som inneheld ordet som er hovudgjest i dag. Dinest kjem eit avsnitt eller to der gjesten vert mønstra frå topp til tå. Dei siste avsnitta er friare, men alt skal helst vera skrive på mønstergod norsk, so korrekturlesarane får lite å gjera.

Det er slitsamt med folk som støtt skal syna at dei er eit dygdemønster (eller dydsmønster). Lat oss no sjå bort frå det prektige og føreseielege handlingsmønsteret til spaltisten og koma til saka!

Mønster var innom lågtysk og gamalfransk før det landa her. Det kjem av mellomalderlatin monstra, som tyder ‘prøvestykke’. Monstra heng i hop med det latinske verbet monstrare (‘syna, peika på’), som er avleitt av monstrum (‘teikn (frå gudane), varsel; uhyre, vanskapning’). Lånorda demonstrera, monster og monter høyrer til her.

Monstrum heng i sin tur saman med verbet monere (‘varsla, minna på’), som har gjeve oss monitor (eig. ‘ein som minner på, åtvarar’) og monument (‘minnesmerke’). Folk trudde at vanskapningar varsla at gudane var vreide. Monstrum var soleis eit ord som høyrde til det religiøse målet.

Til grunn for alt saman ligg ei indoeuropeisk rot som truleg hadde forma men og tydinga ‘tenkja’. Arveordet minne (‘evne til å hugsa; noko ein hugsar’ mfl.) og verbet minna kjem òg frå den rota. Av mønster kjem verbet mønstra (‘sjå nøye på, granska kritisk; samla; hyra’, jf. «mønstra av», «mønstra på»). Det vart laga i lågtysk og har kome til oss derfrå.

Eit mønster kan vera ei teikning eller oppskrift å laga noko etter, som når me «syr etter mønster». Andre gonger målber mønster at noko eller nokon er eit føredøme: «Ho er eit mønster for andre.» «Det er eit mønstergyldig arbeid.» (Jf. mønsterbruk, mønsterelev.) Og me kan nytta mønster om måten noko er ordna eller hender på («ulike reaksjonsmønster», «passa inn i mønsteret», «endra køyremønster»).

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement