Eit langt synderegister

Publisert

«Når ein rosar synda, er ho fullkomen», seier ordtaket. Det hender stundom at ordtak som dreiar seg om det same emnet, kjem med bodskapar som strider mot einannan, men slik er det ikkje her. Ordtaka om synd rosar ikkje synda. Dei målber at synda har leie fylgjer, jamvel om sjølve gjerninga er gledefylt, jamfør dette ordtaket: «Synda kjem inn med lått og går ut med gråt.» Eit anna ordtak slår fast at det er vanskeleg å halda opp når ein fyrst er komen i gang med syndinga: «Den eine synda dreg den andre etter seg.»

No er det rett nok mange som meiner at me vert fødde med synd, og at me syndar fordi me er syndige skapningar. Denne medfødde synda vert gjerne kalla ervesynd eller arvesynd. Men kva med sjølve ordet synd? Er det nedervt? Ordet har i alle fall vore her so lenge at det er teke med i Våre arveord av Harald Bjorvand og Fredrik Otto Lindeman. Der kan me lesa at synd etter alt å døma er eit gamalt låneord som kom inn i dei nordiske måla i lag med kristendomen, frå gamalsaksisk. Ordet er i ætt med adjektivet sann, og grunntydinga var ‘sanningsstadfesting’ (m.a. ‘vedgåing av skuld’).

Synd er framleis tett knytt til kristendomen, og hovudtydinga til ordet er ‘gjerning eller tanke som strider mot Guds vilje’. Me kan falla i synd, leva i synd, få tilgjeving for syndene våre, vera ein omvend syndar, synda mot eit av dei ti bodorda eller rett og slett synda mot Gud. Ikkje alle synder vert rekna som like fæle. Dei verste har vore kalla dødssynder eller kapitalsynder. I mellomalderen skilde dei mellom hversdagssyndir (‘kvardagssynder, vanlege synder’) og höfudsyndir (kapitalsynder, jf. latin capitalis, av caput ‘hovud’).

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement