JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kunnskap

Eit langt synderegister

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
2371
20200828
2371
20200828

«Når ein rosar synda, er ho fullkomen», seier ordtaket. Det hender stundom at ordtak som dreiar seg om det same emnet, kjem med bodskapar som strider mot einannan, men slik er det ikkje her. Ordtaka om synd rosar ikkje synda. Dei målber at synda har leie fylgjer, jamvel om sjølve gjerninga er gledefylt, jamfør dette ordtaket: «Synda kjem inn med lått og går ut med gråt.» Eit anna ordtak slår fast at det er vanskeleg å halda opp når ein fyrst er komen i gang med syndinga: «Den eine synda dreg den andre etter seg.»

No er det rett nok mange som meiner at me vert fødde med synd, og at me syndar fordi me er syndige skapningar. Denne medfødde synda vert gjerne kalla ervesynd eller arvesynd. Men kva med sjølve ordet synd? Er det nedervt? Ordet har i alle fall vore her so lenge at det er teke med i Våre arveord av Harald Bjorvand og Fredrik Otto Lindeman. Der kan me lesa at synd etter alt å døma er eit gamalt låneord som kom inn i dei nordiske måla i lag med kristendomen, frå gamalsaksisk. Ordet er i ætt med adjektivet sann, og grunntydinga var ‘sanningsstadfesting’ (m.a. ‘vedgåing av skuld’).

Synd er framleis tett knytt til kristendomen, og hovudtydinga til ordet er ‘gjerning eller tanke som strider mot Guds vilje’. Me kan falla i synd, leva i synd, få tilgjeving for syndene våre, vera ein omvend syndar, synda mot eit av dei ti bodorda eller rett og slett synda mot Gud. Ikkje alle synder vert rekna som like fæle. Dei verste har vore kalla dødssynder eller kapitalsynder. I mellomalderen skilde dei mellom hversdagssyndir (‘kvardagssynder, vanlege synder’) og höfudsyndir (kapitalsynder, jf. latin capitalis, av caput ‘hovud’).

Folk har lenge nytta synd i utvida tyding om vanlagnader, skadar og andre leie saker som ikkje er beinveges knytt til gudstrua. Seiemåtane «tykkja synd i nokon» og «vera synd for nokon» finn me i Norsk Ordbog (1873) av Aasen. På bilvegane finst det fartssyndarar, og nokre må lida heile livet for ei ungdomssynd. Andre slit mest med unnlatingssynder eller små vanesynder. I ålmennmålet finn me òg samansetjingar som syndebukk (eig. bukk som vart ofra som soningsoffer, jf. 3 Mos 16,9) og syndflod (t.d. «få ei syndflod av reklame i posten»). Harmelege hendingar møter me gjerne med dette utbrotet: «Nei, so synd!»

Kristin Fridtun

Kristin Fridtun er filolog og forfattar.
E-post: kristin.fridtun@gmail.com

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Sigurd Hverven er filosof og forfattar. Han har doktorgrad i filosofi frå Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet.

Foto: Dreyer

BokMeldingar

Hegel utan støv

Sigurd Hvervens omfattande bok om Hegel er noko av det mest imponerande eg har lese på lang tid.

Jan Inge Sørbø

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
RichardAubrey White

Tendensiøs statistikk om senfølger

Myndighetene må anerkjenne at senfølger eksisterer og utgjør et samfunnsproblem.

Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap)

Foto: Javad Parsa / NTB

Ordskifte
AndreasBjelland Eriksen

Bedre forhold for villreinen

Villreinen som lever i fjellområdene i Sør-Norge, sliter. Skal vi lykkes med å snu utviklingen, må vi finne løsninger sammen.

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature
Ida Lødemel Tvedt

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Leonie Benesch spelar hovudrolla som læraren Carla Nowak.

Foto: Selmer Media

FilmMeldingar

Ja takk, Çatak

Eit sanningsord: Lærerværelset er høgst sjåverdig.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis