Eit klikk unna

Publisert Sist oppdatert

Dersom det klikkar for deg når du høyrer om klikkvesen og klikkagn, gjer du klokt i å klikka – eller blada – deg snøgt vidare. Eller klikkar du i vinkel når folk fortel deg kva du skal gjera? Her kjem det i alle fall til å verta klikk-klakk og klikkdanningar av mange slag.

Ikkje uventa er klikka eit ljodhermande ord. Til liks med klukka viser klikka til ein stutt og heller veik ljod (me er langt unna dundra og braka), men ein klikkeljod er grannare og turrare enn ein klukkeljod. Klikka ligg slik sett nærare tikka, knetta, smekka og kneppa enn klukka. Det hender likevel at det dukkar opp ein liten klukk i klikka, for i nokre målføre har klikka (ofte uttala klekka) denne bøyinga: klekk – klakk – klukke. Substantivet klikk i tydinga ‘gjeng, flokk’ («Per og klikken hans») kjem frå fransk clique, som kjem av det ljodhermande verbet cliquer (‘smella, larma’). Ordbøkene gjev ikkje noko eintydig svar på korleis ordet har fått den tydinga det har i dag.

Stundom nyttar me klikk-orda til å skildra noko me høyrer, som når me seier at det har byrja klikka i låsen, at skorne klikkar mot hellene og at nokon har klikkeljodar i språket sitt. Klikk og klikka har lenge vore nytta om skytevåpen (og skot, ladningar og liknande) som ikkje går av: «Revolveren klikka.» «Eg lyfte børsa og drog av, men det vart berre eit (eller ein) klikk.» Me skjønar at klikk-orda opphavleg viste til høyrleg klikking i våpenet, men etter kvart fann folk ut at dei kunne nytta orda om andre saker som mislukkast eller ikkje gjekk etter planen, jamfør «motoren slo klikk» og «opplegget klikka». No kan me jamvel nytta orda om folk som misser tenkjeevna og styringa over seg sjølve: «Har det klikka heilt for deg?» «Dei klikka på politiet.»

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement