Eit havarert sjakkliv

Fransk politi er kopla inn i saka. Stormeisteren på biletet er sjølv autorisert sjakkdomar i verdssjakkforbundet FIDE.
Fransk politi er kopla inn i saka. Stormeisteren på biletet er sjølv autorisert sjakkdomar i verdssjakkforbundet FIDE.
Publisert

Han var ein noregsven. Eg spela mot han på Gausdal høgfjellshotell i 1997. Då hadde han 2490 i rating, 36 år gamal. Han var i sin aller beste alder som sjakkspelar. Han var ein av dei mange klassisk skolerte sjakkproffane som dukka opp i Vesten etter oppløysinga av Sovjetunionen i 1991.

Igor Kondyljov voks opp i Aust-Ukraina. I 1981 vann han meisterskapen på den sovjetiske svartehavsflåten og byrja arbeida som sjakktrenar i Simferopol på Krimhalvøya. Tre år seinare flytta han til Latvia og tok eit latvisk namn: Igors Rausis. Han vart latvisk meister og representerte seinare det nye landet sitt i tre sjakk-OL. Som profesjonell spelar og trenar reiste han over heile verda. Han var ein rastlaus, intellektuell verdsborgar. I 2003 skifte han statsborgarskap og byrja spela for Bangladesh, men i 2007 drog han attende til Europa og vart tsjekkisk statsborgar.

I 2013, 16 år etter at eg møtte han på Gausdal, var ratinga den same, om lag 2500. Det var eit imponerande tal for ein 52-åring, men Rausis hadde framleis fleire hundre spelarar føre seg i ratinghierarkiet – og slik ville det normalt alltid vera. Var han ikkje god nok til å leva som profesjonell spelar? Men så endra kurva seg brått. Rausis byrja vinna små, lokale turneringar, ofte med 100 prosent score. I 2018 vart han invitert av Hans Olav Lahlum til Fagernes. I vår, 58 år gamal, var han den eldste spelaren i verda på topp 100. Han var berre eit par sigrar frå 2700 i rating, topp 40 i verda, då han vart avslørt på toalettet med mobiltelefon og dataanalysar under ei amatørturnering i Strasbourg.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement