Frå historia
Einstein og Gud
Albert Einstein då han byrja ferien med ein ni timars segltur på ein innsjø i delstaten New York i USA 3. juli 1936.
Foto: AP / NTB
Albert Einstein har truleg prega tankane våre og dagleglivet vårt meir enn nokon annan det siste hundreåret. Elektronikk, atomfysikk, navigering og GPS, dører som opnar seg automatisk når vi nærmar oss – Einstein er overalt.
Og han endra sentrale omgrep i vår forståing av verda rundt oss. Tida og rommet er ikkje det mennesket alltid har trudd, konstante storleikar. Tida er relativ, og rommet er plastisk og underleg.
Å gje den grunnleggjande forståinga av verda, korleis ho vart til, og korleis ho skal ende, har alltid vore ei oppgåve for gudar av mange slag, slik dei også har forklart menneskets rolle i verda.
Einstein, og etterfølgjarane hans, tok over denne gudefunksjonen. No forklarar dei at alt starta med det store smellet, då ein tett materieklump eksploderte for 14 milliardar år sidan og vart til universet. Og ein gong, i ei fjern framtid, skal universet kjølne, trekkje seg saman og døy, som alt anna. Då er det over. Til og med tida er over.
Men kva forhold hadde jøden Albert Einstein til Gud, nærare bestemt den jødiske stammeguden Jahve?
Einstein var ikkje ateist. «Det finst folk som seier at det ikkje finst nokon gud, og som siterer meg som støtte for slike tankar», sa han. «Det gjer meg verkeleg sint.»
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.