JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kunnskap

Eineveldet

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
2355
20180223
2355
20180223

Valdsbruken i eit velde kan vera veldig varierande. Det er nok meir vald i eit skrekkvelde enn i eit skjemavelde, men faren for blind vald finst vel overalt? I alle fall kjem velda i mange utgåver: Me har samvelde, framandvelde, terrorvelde, klassevelde og ein heil hop med «yrkesrelaterte» veldevariantar, som prestevelde, professorvelde, kjøpmannsvelde og ekspertvelde attåt tsarvelde, kongevelde og so frametter. Det er lett å verta overvelda.

Arveordet velde er i ætt med vald, som er avleitt av verbet valda (norr. valda ‘råda med, orka; ha makt over; gjera, vera årsak til’). Den tyske forma av verbet er walten (‘herska, råda’), som har gjeve oss lånorda valta og forvalta. Valta rimar med skalta (‘styra, stella’), og dei som «skaltar og valtar», styrer som dei sjølve vil. Ein annan slektning av velde er latin valere (‘vera kraftig, sterk; vera mektig, gjelda; herska’ o.l.), som høyrer saman med lånorda valens, valør og valid.

Norrønt vald og veldi overlappar kvarandre på nokre punkt: Båe vart nytta om ‘makt, herredøme’ og ‘land som ein råder over, embetsområdet, rike’. Vald var dessutan inkjekjønnsord, slik det framleis er i islandsk, færøysk og svensk (våld). Sameleis i landsmål, men etter kvart har det vorte vanleg – kanskje etter påverknad frå dansk og bokmål, der vold er hankjønnsord – at nynorskskrivarar vekslar: Vald i tydinga ‘bruk av fysisk makt, maktmisbruk’ er ofte hankjønnsord («valden aukar»), medan vald i tydinga ‘makt, rådvelde; område’ er inkjekjønn («ha nokon i sitt vald»). Merk elles at når me vil at einkvan skal fara langt av garde eller jamvel til helvete, kan me setja vald i hop med fanden, pokker og dilikt: «Dra pokker i vald!»

I ordtaket «stort vald krev stort vit» er det nok tale om stort rådvelde (råderett), ikkje fysisk makt og maktmisbruk. Både vituge og uvituge folk kan endå opp som valdsforbrytarar og valdtektsforbrytarar. Meir uvisst er det om filmar og spel med sterke valdsscener kan valda valdsbylgjer i den røynlege verda. Me skal i alle fall hugsa at det er mogleg å øva vald utan at me beint fram skader nokon, til dømes om du gjer vald på helgestemninga eller ein uskriven regel. Konklusjonen er likevel at ikkjevald er betre enn vald. For det er nok sant som dei seier: Vald avlar vald.

Kristin Fridtun

Kristin Fridtun er filolog og forfattar.

E-post: kristin.fridtun@gmail.com

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Brystkreft er den vanlegaste kreftforma blant norske kvinner. Biletet er frå Rosa sløyfe-aksjonen mot brystkreft, arrangert av Den norske Kreftforeningen.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

HelseSamfunn

Kven bør få tilbod om mammografi?

Norske kvinner får eit heilt anna råd enn svenske
og amerikanske.

Christiane Jordheim Larsen

Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Skrekkeleg skuffande

Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.

Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.

Foto: Samuel Hess

MusikkMeldingar
Øyvind Vågnes

Mindre er meir

Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.

Blaz (Aristote Luyindula) (t.v.) har ikkje stor tiltru til systemet, men aktivisten Haby (Anta Diaw) kjempar for å forbetre tilhøva i den falleferdige bustadblokka deira.

Foto: Laurent le Crabe

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Oppussinga

Ladj Ly lenar seg mot melodrama etter ein rå debut.

Høgpatogen fugleinfluensa spreier seg stadig og har no råka mjølkekyr i USA.

Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB

DyrFeature

Influensa-alarm

I mars i år blei det slått full smittealarm i USA. Fugleinfluensa er no funne i meir enn 40 mjølkekubesetningar frå ti ulike delstatar.

Arve Nilsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis