Ein vanleg gutEg har ikkje for vane å portrettera vanlege norske sjakkspelarar i denne spalta, men for nokre år sidan skreiv eg om ein talentfull, men elles vanleg trettenåring med ein uvanleg stor lidenskap for sjakk. No er han 18 år gamal og verdsmeister
Aryan Tari øvst på sigerspallen i junior-VM i sjakk 2017. Zhansaya Abdumalik frå Kazakhstan vann kvinneklassa.
Foto: Romualdo Vitale/Chess Society
Eg har ikkje for vane å portrettera vanlege norske sjakkspelarar i denne spalta, men for nokre år sidan skreiv eg om ein talentfull, men elles vanleg trettenåring med ein uvanleg stor lidenskap for sjakk. No er han 18 år gamal og verdsmeister for juniorar.
Han er ikkje nokon ny Magnus Carlsen. Det er ikkje statistisk mogleg med to Carlsen i eitt land på same tid. Om hundre år vil ein Carlsen syna seg i Kina, India eller Russland. Aryan Tari er ein vanleg norsk sjakkspelar som har arbeidd, tenkt og spela sjakk kvar dag i tretten år. Frå han var fem år gamal. Eg las om han fyrste gongen i Stavanger Aftenblad då han var seks år gamal.
Sjakken kom til Europa med arabarane som lærte spelet av persarane. Tari har iranske røter og ein ingeniørpappa som elskar sjakk. Familien flytta etter kvart frå Stavanger til Lier. Kvar einaste kveld og helg gjennom ti år køyrde pappa Siamak sonen til ulike klubbar og turneringar på austlandet. «Kva anna kan eg gjera? Han vil jo berre spela sjakk», sa Siamak på ein dialekt som for kvart år vart mindre og mindre stavangermål. Pappa Tari har, som pappa Carlsen, følgt sonen overalt, men utan noko press og alltid på premissane til sonen. Berre slik kan borna halda interessa oppe i eit langt sjakkliv.
Medan vaksenverdsmeister Carlsen har kome lett til alt, har juniorverdsmeisteren vår fått løn som fortent. Namnet hans går inn i rekkja av meistrar som Spasskij, Karpov, Kasparov og Anand. Anand kommenterte at spelet til Tari i den nervepirrande siste runden minte han om siste runde i 1987, då han sjølv vann tittelen. Ein av dei som jubla høgst over prestasjonen til Tari, var kameraten Carlsen.
Det er mange teikn i tida som syner at Noreg no er ein sjakknasjon. Vendepunktet kom ifølgje ein rumensk sjakkhistorikar den dagen forfattarane av den norske versjonen av Donald Duck laga ei historie om sjakk.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.