Ein vakker mann Det kan ikkje vera nokon tvil om at José Capablanca er den vakraste. I alle høve mellom dei 16 verdsmeistrane i sjakk frå 1886 til 2018. Sjølv var diplomaten frå Cuba verdsmeister frå 1921 til 1927. Gjetorda om utsjånaden hans var ikkje ov

Simultansjakk med Capablanca i 1911.
Simultansjakk med Capablanca i 1911.Simultansjakk med Capablanca i 1911.
Publisert

Det kan ikkje vera nokon tvil om at José Raúl Capablanca er den vakraste. I alle høve mellom dei 16 verdsmeistrane i sjakk frå 1886 til 2018. Sjølv var diplomaten frå Cuba verdsmeister frå 1921 til 1927. Gjetorda om utsjånaden hans var ikkje overdrivne, kunne motspelarane slå fast i Moskva i november 1925, då sovjetarane skulle skipa ein ny folkeleg sjakktradisjon på ruinane av den aristokratiske før-revolusjonære sjakken. «Han er så vakker når han rynkar panna og tenkjer på neste trekk», sa ein sovjetisk motspelar som observerte Capablanca på nært hald gjennom fleire timar.

Men det var ikkje enkelt å samla verdseliten i Moskva. Verdsmeisteren var sjølv skeptisk til den unge sovjetstaten og skreiv før han drog eit avskilsbrev som sonen kunne opna seinare i fall Moskva-turen skulle enda dårleg: «(...) Du kan gjera kva du vil, men kor som er bør du verta advokat (…).» Men mottakinga i Moskva var storslegen.

Capablanca nytta den vanlege taktikken då honoraret vart diskutert: «Det er ikkje så farleg med meg, men eg må tenkja på dei andre. Kva skjer om eg, verdsmeisteren, ikkje tar meg godt betalt? Kva får då dei nest beste?» Men sovjetarane var rause. Diplomaten Capablanca fekk blod på tann og spurde om han ikkje òg kunne selja sukker til Stalin på vegner av Cuba, men då fekk han avslag.

Sjakkturneringa var ein gigantisk publikumssuksess. Moskovittar i tusental kom for å sjå Capablanca. Han fekk fleire hundre esker med sovjetisk konfektsjokolade frå kvinnelege beundrarar. For kvinnene var sjakkturneringa med den cubanske dandyen ein plass der ein kunne visa seg fram og kle seg i det beste ein hadde. Capablanca var i ferd med å skilja seg frå den fyrste kona si og gjorde seg klar for ungkarslivet.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement