Ein sovjetisk lagnad

I dag, 96 år gamal, bur Khasin med born og barneborn i Essen.
I dag, 96 år gamal, bur Khasin med born og barneborn i Essen.
Publisert

Lidingane til det sovjetiske folket var ufattelege under Stalin. Abram Khasin fekk eit amputert, men likevel godt liv i sjakken.

I 1932, då han var ni år gamal, sat Abram med mor si og høyrde at faren fekk dødsdomen under ei absurd og fabrikkert rettssak etter at familien med rein flaks hadde overlevd hungersnauda i Kiev. Som tenåring utan far gjekk han gradane i sjakkhierarkiet, men då han kom til finalen i Kiev-meisterskapen, vart turneringa avlyst. Det var krig.

Som 19-åring i 1942 kjempa han ved Stalingrad. Han betente morterane (granatkastarane). Khasin kjende seg sterk i kampane, men med eitt vart det mørkt. Han vakna opp på sjukehuset då han høyrde ein lækjar seia at dei burde gje han opp. Dei saga over båe føtene hans. «Vi må òg amputera hendene», sa dei. Men då han vakna opp neste gong, hadde han om ikkje anna to hender.

Det var i denne tragiske situasjonen at Khasin fann livsglede i sjakken. Han ville spela frå sjukesenga, jamvel om han ikkje kunne nytta hendene enno. «Eg flyttar lauparen som står ved sida av hesten», sa han til motstandaren på sjukehuset. Og han hadde draget på damene. Frå sjukesenga fekk han lokka ei av jentene frå sigarettfabrikken – dei var kommanderte ut på sjukevitjing – under dyna, der dei delte ein sigarett.

Etter krigen vart han engelsklærar i Moskva. Han torde ikkje fortelja den fyrste kona si om far sin, eller at heile familien var jødisk. Det var best ikkje å prata om slikt. Men sjakk kunne han spela. Han vann mot fleire verdsstjerner, mellom anna verdsmeister Petrosjan, og kom ofte til finalerundane i sovjetmeisterskapen, på den tida den sterkaste turneringa i verda. Men på scena var han utilpass. Han likte ikkje blikka frå publikum og spela sjeldan godt i finalen.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement