Fugleperspektiv
Ein sosial fink
Med det kraftige, noko spisse nebbet røper frøetaren stillits at han kan hente frø som er djupt festa i korgforma frøstandar.
Den fargerike stillitsen med skinande raudt andlet, lysegule vengjefjører og kontrastfull fjørdrakt har også ein vakker song.
Foto: Sveinung Lindaas
Sola steiker denne sundagen i juli. Ei fransk-norsk forsamling, dei fleste på ferievitjing, har søkt tilflukt under breie trekroner i Frognerparken. Barn leiker ivrig, gamle vener som ikkje har sett kvarandre på lenge, fører livlege samtalar.
Innimellom overdøyver fuglesongen gjensynsgleda, i alle høve for meg: I trea syng stillitsar for full hals, godt gøymde i det tette lauvverket. Denne songen kjenner eg frå elvebreidda og byparkar i barndomsbyen min, Blois ved Loire-elva, og stillitsar har eg sidan møtt på mange gongar i Oslo-området, til alle årets tider.
Framleis overraskar røysta. Ho er så variert, med glatte, sprakande og rullande lydar. Songen er klar og kraftig, ein kan fort gløyme at stillitsen er ein liten fink, berre 12–14 centimeter lang og 14–18 gram tung.
Ved sida av meg sit far min, som er fødd og oppvaksen i Kabul. Eg viser han eit bilete på telefonen – om han kjenner igjen fuglen frå barndomen, skinande raudt andlet, sitrongule band på vengjefjørene og rosa langt, spist nebb?
Ja, synet er kjent: Han og broren fekk ei stund ansvaret for ein stillits i bur, utan stort hell. Det var den lokale skomakaren som hadde greie på fuglar. Han sende gutungane på grashoppejakt. Når dei kom tilbake, kjøpte han insekta og mata fuglane med dei – kanskje ikkje stillitsane, som fyrst og fremst livnærer seg på frø. I så fall mata han berre fugleungane med insekt, sidan dei treng animalsk protein for å utvikle fjører og oppnå vaksen storleik. Ville stillitsar plukkar larvane til ulike artar spinnmøll, desse nattsommarfuglane som angrip tre, for å mate ungane sine.
Med det kraftige, noko spisse nebbet røper frøetaren stillits at han kan hente frø som er djupt festa i korgforma frøstandar. På fransk har arten fått namnet chardonneret élégant, der chardonneret kan omsetjast med «tistling». Dette speglar det vitskaplege namnet Carduelis carduelis, på latinsk den som er «trufast» mot tistel.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.