Sjakk
Ein russisk bauta
Jurij Averbakh (100) var alt i sovjetisk sjakk. Og han lever framleis. Foto frå 80-årsdagen i 2002, der Vasilij Smyslov (t.v.) gratulerer.
Foto: Jurgen Stigter / Wikimedia Commons
Jurij Lvovitsj Averbakh meiner at graut av bokkveite, den tradisjonelle russiske frukosten som han aldri har svikta, har gjeve han eit langt liv. Tysdag denne veka fylte den eldste stormeisteren i verda 100 år. Livet hans er så rikt at det ikkje er til å fatta, så eg må fatta meg kort nedanfor.
I 1928 følgde guten i Moskva dei sovjetiske radiosendingane frå ekspedisjonen som Roald Amundsen planla for å berga luftskipet «Italia». Då den norske polarhelten sjølv døydde, i ei ulukke som vart kringkasta nesten «live» på radio, vart Jurij merkt for livet (han skriv faktisk det).
Den neste dramatiske hendinga kom den 5. desember 1931, då heile skulen fekk «fri» for å sjå sprenginga av Frelsaren Kristi Tempel, den mest sentrale kyrkja i Moskva. På den tida hamna faren eit års tid i Stalins fangeleir. Jurij dreiv med ski, ishockey og volleyball, inspirert av «sportsmannen» Amundsen (seier han sjølv).
Ein dag i 1935, like ved skulen, spela eksverdsmeister Lasker simultan. Jurij var tilskodar, og han byrja sidan å spela sjakk i parkane. Han vann eit simultanparti i 1938 mot stormeister Lilienthal, som spela på 155 brett. Partiet varte i 12 timar, og mor hans heime var uroleg. «Mi største oppleving på sjakkbrettet», seier Averbakh om den sigeren.
I september 1939 var han heldig, han var berre 17 år gamal. Bestekameraten Volodja var 18 og vart send i militæret, som alle 18-åringar, og døydde i kamp i 1941. Sjølv vart Averbakh og ei gruppe studentar utkommanderte for å reparera stridsvogner bak frontlinene.
Etter krigen arbeidde han som rakettforskar, inntil han fekk stormeistertittelen i 1952. No byrja den lengste og mest allsidige sjakkbiografien verda har sett.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.