Ein katalog fortel
Riva frå Mesna Brug er dyrare enn andre river, men ho «kan vare Mand efter Mand og paa same Tid være den bedste».
Mekaniseringa av jordbruket skaut fart i siste delen av 1800-talet. Trekkdyra – oksar, bøflar og hestar – hadde lenge vore dei gode hjelparane framfor plogar av ulikt slag.
No kom nye reiskapar som endra arbeidet på og med jorda. På Jæren kom steinbukken, som plukka opp steinen og gjorde jorda tilgjengeleg for plogen. Spaden rådde ikkje lenger åleine. Og dei store flate åkrane med steingardar vart skapte. Det jærske jordbruket vart til.
I 1895 sende Mesna Brug på Lillehammer ut det dei kalla ein «Illustreret Katalog om Største Maskinfabrikation». Dei laga slåmaskinar og hesteriver. Desse ville dei gjerne selje. Men dei vil også gjerne opplyse kjøparane sine. Om slåmaskinen «Konkurrent» oppmodar dei: «Hold Maskinen ren», og «Paase at ingen af Smørehullerne tættes af Smuds». Seljaren veit at kjøparen er ny som maskineigar og treng gode råd.
Men Mesna Brug har meir å tilby: Treskemaskin No. 1, No. 2, No. 3 og No. 4, den siste med Lokomobil, «anbefales som stationær Maskine paa store Gaarde». Det finst fleire hestevandringar («for 1 eller 2 Heste» eller «for 1, 2, 3 eller 4 Heste»), to frøreinsarar og tre hakkemaskinar.
Men det er den nye hesteriva som blir promovert, for å snakke moderne marknadsføring. Seks sider i katalogen er sette av til «Erklæringer om Børsums patenterede Hesteriver». På desse seks sidene fortel 50 bønder om kor nøgde dei er med den nye hesteriva, både den med 26 og den med 30 tindar. Og desse glade ytringane om den nye riva er sorterte og sensurerte, får vi vite: «Intimationer (innleiingar) og megen Ros er udeladt» Men det vart seks sider att. Fem sider er sette av til å fortelje kor dei glade kjøparane bur, frå Namdalen til Uppsala og Stange. Lars Jelsa er einaste kjøparen i Stavanger prosti. Flest kjøparar var det i Ringsaker.
Rivene er då selde til 182 prestegjeld, frå éi til tjuefem river i kvart prestegjeld. Dette er «ubestrideligt et soleklart Bevis for, at andre River ikke i nogen Henseende kan maale sig med dem. Det har saaledes vist sig, og det vil fremdeles vise sig, at Brugerne ikke tager noget Hensyn til Prisen, men lader GAVNET være det bestemmende». Riva frå Mesna Brug er 50 til 100 prosent dyrare enn andre river, men ho «kan vare Mand efter Mand og paa same Tid være den mest hensigtsmessige og bedste».
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.