Ein innvikla affære
Alois Alzheimer forska på hjernen og har gjeve namn til ein sjukdom.
Foto: Wikipedia
Eit menneske er ein vanskeleg og innvikla affære, skriv Hulda Garborg. Menneskesinnet er den siste uoppdaga villmarka, skriv ein av dagens forfattarar.
Mentale avvik frå det såkalla normale, for ikkje å seie mentale sjukdommar, har nok alltid eksistert, og dei har nok alltid vore vanskelege å forstå og handtere.
Evangelia er fulle av forteljingar om det dei kalla vonde ånder, som plaga menneska dei budde i. Å jage desse vonde åndene var eit av undera Menneskesonen gjorde.
Ein sekulær moderne lesar vil nok leite etter psykiatriske diagnosar under denne lesinga.
Med utgangspunkt i evangelia meinte teologane at dei hadde høg kompetanse på å vurdere menneskesinn. Når menneske i mellomalderen såg syner eller høyrde røyster, var det viktig å finne ut om røysta kom frå Gud eller frå djevelen. Her kunne teologane hjelpe til. Meinte dei.
Langt inn i moderne tid heldt legane seg unna slike tilfelle. Det var ikkje noko for dei.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.