Frå sjakkverda

Ein herre med bart

Magnus Carlsen vinn på alle arenaar, no òg VM i fristil.
Publisert Sist oppdatert

Magnus Carlsen er ein smarting. Han er særs interessert i sportshistorie, resultatlister og turneringsformat. Og i eiga merkevare. Carlsen har endra sjakkspelet globalt på mange vis, til dømes på digitale plattformer. Men her skal eg skriva om Carlsen som verdsmeister og korleis han skaper nye arenaar for eigen suksess.

Carlsen overraska sjakkverda då han som 19–20-åring og fersk verdseinar (i konkurranse med verdsmeister Vishy Anand) ikkje ville ta del i kandidatturneringa. Han var misnøgd med formatet for VM-kvalifiseringa. Hendinga markerte at «vesle søte Magnus» var historie. Eigenrådige Carlsen hadde prinsipp og synspunkt Fide måtte lytta til. Formatet vart endra, og Carlsen var med som 22-åring i 2013. Han vann kandidat­turneringa og slo seinare Anand i VM-kampen.

Alt dreidde seg om klassisk langsjakk på den tida. Vi hadde ikkje eingong ordet «langsjakk», vi sa berre «sjakk». Men i 2014 vann Carlsen dobbelt VM-gull i lynsjakk og hurtigsjakk – og han byrja dyrka desse formata. NRK sytte for at Fide, frå 2016, la dei to VM-turneringane til romjula med Carlsen som ei global julestjerne. Carlsen skapte ei ny merkevare. Publikum såg at snøggsjakken var viktig for verdseinaren, og slik vart den nye juletradisjonen òg viktig for publikum.

I 2018 hadde eg ideen til eit eksperiment som Carlsen-leiren, overraskande for meg, makta setja ut i livet: Ein uoffisiell VM-kamp i fischersjakk (eit nytt ord den gongen) på Høvikodden, direkte­send på NRK, mellom Magnus Carlsen og Hikaru Nakamura. Vi freista skapa eit heilt nytt VM-format. Alt i 2019 vart fischersjakk ei offisiell grein, men VM same år vart ingen suksess. Carlsen vann ikkje. Han vann heller ikkje i 2022.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement