Ein haug med idiotar

Eg er nøydd til å vite om lag kor mange idiotar me blir, for å berekne nok pizza.

Publisert Sist oppdatert

Eg vil ikkje at folk skal tenkje at der kjem det ein idiot. Så no har eg bestemt meg, snart er det slutt på å gjere idiotiske ting.

Når eg vaknar måndag, byrjar eit nytt liv. Men laurdag skal eg ta han heilt ut ein siste gong. Utan å ha nokon veldig plan eller eit opplegg har eg invitert ein haug med andre idiotar heim til meg, eg vil samle gjengen ein siste gong og ete pizza og gjere idiotiske ting saman med dei. Etterpå er det slutt for alltid.

For å sleppe å stå der med for lite mat har folk fått frist til fredag med å gje beskjed om dei kjem. Ein gong var eg i eit bryllaup der dei hadde kaldtbord med kinamat, då eg skulle forsyne meg andre gongen, var det mest ingenting att, berre nokre tørre vårrullar. Slikt burde vore straffbart.

Eg er nøydd til å vite om lag kor mange idiotar me blir, for å berekne nok pizza. Det er mange som ikkje har svart enno, men slik er det alltid, det er mykje anna som skjer, og folk er treige. Det er enno nokre dagar til fristen går ut. Heldigvis har ein av dei største idiotane som går i to sko, sagt at han kjem, så kvelden er på mange måtar redda.

Eg har lova kona å prøve å ikkje gjere for mykje ut av det. Samstundes er det ikkje godt å vite kva som kan skje i godt lag, kanskje utartar det, og då er det utanfor min kontroll.

Det er vanskeleg å peike på éi spesiell hending, eg har ikkje ei kjensle av at Gud har gripe inn heller, men noko har kome over meg, som gjer at frå og med måndag endrar alt seg.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement