Ein hard nagl
Elena Samokisj-Sudkovskaja illustrerte ei utgåve av «Jevgenij Onegin» i 1908.
Eg har lenge tenkt at det har vore for lite Pusjkin i sjakkspalta. Men så kom eg i hug Olav Rytter (1903–92), ein ven i nauda frå Ørsta. Lektoren i slaviske språk sette om storverket Jevgenij Onegin til nynorsk, ein verseroman på over 200 sider (Samlaget 1966/1992). Den kritiske strofa kjem i song 4, vers 20, der Lenskij og Olga har varme kjensler for kvarandre:
Dei stikk seg av i stovekroken
og tar eit sjakkbrett fram. Så sit
dei bøygde over det, og slit
med einkvan vridne tankefloken.
Og Lenskij tar så, spreidd i sinn,
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.