¿ Ein bieodyssé

BERLIN: Heile sommaren gjestar arbeidsame bier blomane i hagen vår, før dei lettar og målmedvite set kursen heimover. Som oftast lèt vi humla suse og tenkjer ikkje over det store mysteriet: Korleis finn desse små insekta heim att?

Bier og humler vitjar blomane i hagen din, før dei drar heim att. Men korleis finn dei vegen heim?
Bier og humler vitjar blomane i hagen din, før dei drar heim att. Men korleis finn dei vegen heim?
Publisert Sist oppdatert

Lytt til artikkelen:

Forskaren Randolf Menzel har tenkt ein god del på dette. Han er professor i nevrobiologi ved Freie Universität i Berlin og har studert læring, minne og navigasjon hjå bier i 50 år. Det er få som kan meir om desse fascinerande insekta enn han, men likevel har han terga på seg ei rekkje av kollegaene dei siste åra. Menzel har nemleg nokre nokså oppsiktsvekkjande idear om korleis biene finn heim. Han meiner at dei kan ha ei liknande indre oppfatning av stad – eit indre kart – som det vi menneska har.

Frå forskinga på pattedyr er det kjent at alt frå mus til menneske har eit slags indre kart. Ei rekkje spesialiserte celler i hjernen hjelper oss til å til kvar tid vite kvar vi er, og til å finne vegen. Oppdaginga av plassceller og gitterceller og dei andre cellene som utgjer posisjoneringssystemet til hjernen, førte til Nobelprisen i fysiologi eller medisin til dei norske forskarane Edvard Moser og May-Britt Moser og kollegaen deira John O’Keefe i 2014. Men kva med bier? Veit biene kvar dei er, på same måten som vi pattedyr veit kvar vi er?

Eksperiment

Det var nokre sommareksperiment med bier nær sommarhuset hans i Magdeburg som gjorde at Randolf Menzel byrja å tenkje nytt om korleis bier finn fram.

På slutten av 1990-åra var det vitskapleg semje om at biene navigerte etter eit såkalla egosentrisk system, som vil seie at ein kalkulerer avstandar og retning ut frå biekroppen. Dette står i motsetnad til eit allosentrisk system, der du på ein måte har med deg ei indre oppfatning av rommet heile tida, det eksisterer uavhengig av din eigen kropp.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement