Ein berserk stig fram
Den nye berserken vert auksjonert bort av Sotheby’s i juli med ein forventa prislapp på ein million pund.
Foto: Sotheby's
Lytt til artikkelen:
Då Carlsen og Caruana møttest til VM-kamp i London i november 2018, var det ikkje fyrste gongen ein norsk sjakkonge gjekk i land på dei britiske øyene. Nokre hundre meter frå spelelokalet ligg British Museum. Eg tenkte som vanleg mest på sjakk, men fann eit høve til å vitja museet mellom sjakktrekka.
Museet var endå større og vakrare enn eg hadde venta meg. Den neste overraskinga var då eg skulle kjøpa billett. «Nei, her er det gratis», sa vaktarane. Eg gjekk resolutt forbi egyptiske mumiar og greske statuar. Eg kjende eit ubehag over at eg ikkje stoppa opp for å læra meir om kultur- og verdshistoria gjennom det eventyrlege skattkammeret til det britiske imperiet. Men i den femte salen eg fór gjennom, fann eg endeleg det eg leitte etter: Lewis-brikkene.
Det var eit utruleg syn, endå vakrare enn på bilete. Dei viktigaste brikkene i sjakkhistoria, funne på Lewis-øya utanfor Skottland i 1831, er kåra til éin av dei ti største skattane i britisk historie. Brikkene vart skorne ut or kvalrosstenner i Trondheim på 1100-talet. I essayet «Ferdaminne frå Hebridane» i boka Nynorskens lys (Samlaget, 2018) jaktar Morten Søberg på historia og sjela til brikkene. Tårna skil seg mest ut, skriv han, som stereotype berserkar: «Dei er utstyrte med skjold og sverd, og den øvre delen av tanngarden lyser mot oss under ovale augo og spisse hjelmar.» Søberg siterer 1873-utgåva av ordboka til Ivar Aasen der berserk skal ha gamalnorsk opphav.
I «vikingbyen» Stornoway (av norrønt Stjórnavágr) finn Søberg ein statue av eit sjakktårn, ein berserk, og kjøper seg ein pint med Berserker export pale ale.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.