Ein berserk stig fram
Den nye berserken vert auksjonert bort av Sotheby’s i juli med ein forventa prislapp på ein million pund.
Foto: Sotheby's
Lytt til artikkelen:
Då Carlsen og Caruana møttest til VM-kamp i London i november 2018, var det ikkje fyrste gongen ein norsk sjakkonge gjekk i land på dei britiske øyene. Nokre hundre meter frå spelelokalet ligg British Museum. Eg tenkte som vanleg mest på sjakk, men fann eit høve til å vitja museet mellom sjakktrekka.
Museet var endå større og vakrare enn eg hadde venta meg. Den neste overraskinga var då eg skulle kjøpa billett. «Nei, her er det gratis», sa vaktarane. Eg gjekk resolutt forbi egyptiske mumiar og greske statuar. Eg kjende eit ubehag over at eg ikkje stoppa opp for å læra meir om kultur- og verdshistoria gjennom det eventyrlege skattkammeret til det britiske imperiet. Men i den femte salen eg fór gjennom, fann eg endeleg det eg leitte etter: Lewis-brikkene.
Det var eit utruleg syn, endå vakrare enn på bilete. Dei viktigaste brikkene i sjakkhistoria, funne på Lewis-øya utanfor Skottland i 1831, er kåra til éin av dei ti største skattane i britisk historie. Brikkene vart skorne ut or kvalrosstenner i Trondheim på 1100-talet. I essayet «Ferdaminne frå Hebridane» i boka Nynorskens lys (Samlaget, 2018) jaktar Morten Søberg på historia og sjela til brikkene. Tårna skil seg mest ut, skriv han, som stereotype berserkar: «Dei er utstyrte med skjold og sverd, og den øvre delen av tanngarden lyser mot oss under ovale augo og spisse hjelmar.» Søberg siterer 1873-utgåva av ordboka til Ivar Aasen der berserk skal ha gamalnorsk opphav.
I «vikingbyen» Stornoway (av norrønt Stjórnavágr) finn Søberg ein statue av eit sjakktårn, ein berserk, og kjøper seg ein pint med Berserker export pale ale.
No i juni 2019 rapporterer BBC at ein berserk har dukka opp i ein skuff i ein privat heim i Edinburgh. Tårnbrikka frå Lewis-funnet vart kjøpt for fem pund i 1964. Denne berserken er ei av fem brikker som forsvann etter skattefunnet for nesten 200 år sidan. British Museum har i dag 82 brikker, og National Museum of Scotland har 11. Opphavet og fordelinga av brikkene har dei krangla om i over hundre år.
Atle Grønn
Atle Grønn er internasjonal
meister i sjakk.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Butikkvindauge i Worth Avenue i Palm Beach i Florida.
Alle foto: Håvard Rem
Det blonde reservatet
PALM BEACH: Krig og folkevandring verkar inn på alle vestlege val. Eit amerikansk presidentval kan verka andre vegen òg.
Lewis Lapham på Lapham’s Quarterly-kontoret ved Union Square på Manhattan.
Ein lang marsj mot idiotveldet
NEW YORK: Sett frå minnestunda for Lewis Lapham ser den politiske dagsordenen i USA mindre ny ut.
VINNAREN: På søndag vart Herbert Kickls Fridomsparti (FPÖ) for første gongen største parti i det austerrikske parlamentsvalet. Får partiet makt, vil dei jobbe for å oppheve sanksjonar mot Russland.
Foto: Lisa Leutner / Reuters/ NTB
Politikk i grenseland
Austerrikarane ser på seg sjølv som ein fredsnasjon. Likevel røystar ein tredel på prorussiske høgrepopulistar.
Eldspåsetting og steinkasting i Ramels veg i Rosengård i Malmö. Ivar Hippe har intervjua innbyggarar i utsette bydelar i Vest-Sverige.
Foto: Johan Nilsson / TT / AP / NTB
– Det kjem til å bli stygt
Ivar Hippe fekk lyst til å sjå nærmare på dei svenske tilstandane. Etter tre års arbeid er Sverige 2024: Beretninger om et land i krise her. Staten må ta styring, seier han.
Yrka med det høgste sjukefråværet er kvinnedominerte med relasjonelt arbeid og høge emosjonelle krav, skriv Lill Sverresdatter Larsen.
Foto: Gorm Kallestad / NTB
Langvarig overbelastning gir rekordhøyt sykefravær
«Vi har lenge drevet en dugnad for å holde skuta flytende.»