Ein armensk luring
Levon Aronjan (36) la ei felle mot Carlsen.
Foto: Crystal Fuller
Levon Aronjan er ein av dei mest interessante artistane på den internasjonale sjakkscena. Han er den mest skolerte i musikk og litteratur; han er høveleg arrogant og like morosam på armensk, russisk, engelsk eller tysk. Han likar å rekna seg sjølv som den best kledde i sjakkeliten og har særleg sans for fargerike skjorter. Han voks opp i Jerevan, men bur i Berlin og representerer den jødiske intelligentsiaen på farssida og gamle armenske tradisjonar på morssida.
Aronjan vart i 2010 den sjette spelaren i historia som passerte 2800 i rating. Dei fem fyrste var Kasparov, Kramnik, Anand, Topalov og Carlsen. I fleire år, frå 2012, var Aronjan rangert som nummer to i verda – etter den åtte år yngre Magnus Carlsen. Carlsen meinte lenge at Aronjan ville vera den farlegaste utfordraren i ein VM-kamp: «Aronjan er den einaste som kan spela meg ut.» Aronjan kan på sitt beste finna planar som kjem overraskande sjølv for Carlsen, jamvel om verdsmeisteren etter kvart fekk god score mot armenaren. Det armenske folket hadde von om ein VM-kamp mellom Carlsen og Aronjan, men så kom Fabiano Caruana på banen, og Aronjan miste posisjonen sin i sjakkhierarkiet.
I snøggsjakkturneringa i Saint Louis denne veka stod armenaren dårleg etter opninga mot Carlsen, men han fann ei felle: «Eg gjorde som eg alltid gjer når eg ser eit simpelt triks: Eg sat stille og bad.» Det var ei fin felle, men ho var likevel ikkje djupare enn at Carlsen kunne ha styrt unna henne òg om partiet hadde vore spela i blindsjakk. Men denne gongen miste Carlsen hovudet og tapte. Resten av snøggsjakkturneringa gjekk uvanleg dårleg for verdseinaren vår. Aronjan kommenterte spelet til Carlsen slik: «Når Carlsen er ute av form, spelar han likevel godt. Det er skilnaden på han og oss andre. Så her må det vera noko spesielt som går ut over humøret hans.»
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.