Ei vørdeleg kvinne
På metrostasjonen Aleksejevskaja i Moskva.
Eit bilete av ei velkledd dame med eit reklameskilt om halsen – «Eg underviser i sjakk» – vart fanga opp i sosiale medium og sett av millionar av russarar i 2016. Eg delte òg biletet med lesarane i Dag og Tid den gongen. No kjem fleire detaljar og nye bilete fram i ljoset.
Det er ei historie om den russiske intelligentsiaen som voks fram i imperiet Sovjetunionen etter krigen.
Valentina Jakovlevna vart fødd i 1941 i Nord-Ossetia i Kaukasia, i byen Beslan (i dag kjend for det grufulle terroråtaket i 2004). Ho var aktiv i det lokale sjakkmiljøet, men då ho fekk ei dotter, flytta dei til Baku, hovudstaden i Aserbajdsjan. Mor og dotter studerte og diskuterte sjakk saman når mora kom heim frå jobb. Dottera vann den aserbajdsjanske meisterskapen for kvinner eit par gonger.
Dei flytta vidare til Lugansk i Aust-Ukraina, og Valentina Jakovlevna vart bestemor. Dei to kvinnene og den vesle guten drog til Moskva i 2010. Guten vart òg sjakkspelar, men fiolinen var det viktigaste. Han byrja på musikkonservatoriet, der bestemora fekk arbeid som garderobevakt. Det var her ho byrja læra borna sjakk etter musikkundervisninga. Ho kombinerte etter kvart to jobbar som garderobevakt og sjakkpedagog. «Borna elskar henne», sa musikkforeldra. Ingen drog heim utan litt sjakk med Valentina Jakovlevna.
Det er alt. Det er ei historie utan menn. Russiske kvinner vert i snitt 11 år eldre enn mennene, men det er ikkje hovudpoenget her. Vi får sympati med Valentina Jakovlevna av di ho ser ut som oss (eller som mødrene våre). Vi får sympati av di ho ikkje syter, men vil arbeida og gjera det ho kan best – undervisa borna i sjakk. Vi får sympati av di vi skjønar kor hardt det må vera å overleva som pensjonist i Russland.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.