Ord om språk
Ei vernande hand
Teikning: May Linn Clement
Diskusjonar om verneplanar er heftige saker. Det plar ikkje verta so stridt at deltakarane treng vernebriller, men stundom får ein kjensla av at partane sit med høyrselsvern og ikkje vil høyra på nokon av øyro. Slik er det på andre område òg. Folk vernar interessene sine og har ulike meiningar om kva som er verneverdig.
Sidan ord ikkje har noko personvern, kan me trygt grafsa i fortida til vern. I norrønt finn me formene vörn (‘forsvar; tilsvar i rettargang’) og vernd (‘skjerming; forsvar; orsaking, påskot’). Det fyrstnemnde har gjeve målføreformer som varn (‘noko som tryggjer, forsyting; gjerde’) og vorn (‘noko som tryggjer; mark som skal vernast mot beitedyr’).
Det er vanleg å kopla desse substantiva og verbet verna til verbet verja (emne for spalta i nr. 32/2017). Å nysta seg attover derfrå er ikkje heilt lett. Utgreiingane i ordbøkene er noko sprikjande, og nokre seier rett ut at det er uvisst kva for andre ord denne flokken heng i hop med.
I alle høve skriv Aasen i Norsk Ordbog at vern og verna er lite i bruk. Det hadde han nok rett i, men i dag er stoda ei anna. Folk vernar om privatlivet sitt, diskuterer miljøvern og psykisk helsevern og sneiar borti autovernet. Vernebuing har derimot ikkje slege heilt gjennom. Det er avløysar for lånordet beredskap (av tysk Bereitschaft), men mange har aldri høyrt om det. Same kva: Syt for å ha eit vernebuingslager i heimen!
Verneutstyr er handfaste greier som skal verna lekamen mot skadar. Vernebriller og høyrselsvern (el. høyrslevern) er alt nemnde, og so har me vernebukse, vernehjelm, vernemaske og vernesko. Å nytta slikt er nok tryggare enn å setja si lit til ei verneånd, men ein kan aldri vita.
Mange driv med vern på jobben eller i fritida. Dei er vernepleiarar eller verneombod, arbeider i barnevernet, forskar på tollvern eller har verv i ein dyrevernorganisasjon. Kjeldevernet i pressa skal ein ikkje ta lett på, og for nokre år sidan vart folk refste om dei slurva med smittevernet. Arbeidssamvirketiltak vert i kvardagsmålet ofte kalla verna verksemd.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.