Ei tidsreise
Å vera sjakkspelar er ei tidsreise i dataverda.
Då Kasparov tapte mot Deep Blue.
Eg kjøpte ein liten hjernedaud sjakkmaskin på ein supermarknad i USA i byrjinga av 1980-åra. Då Simen Agdestein vann noregsmeisterskapen fyrste gongen som 15-åring i 1982, peip maskinen til publikummar Rasmus Langaard. Langaard var millionær på sigarar og kunne kjøpa den dyraste maskinen, men ingen skjøna kvifor han peip etter trekka til Agdestein.
Så kom tyske Mephisto. Den elegante maskinen kosta fleire tusen kroner, og eigarane tok han med i sjakk-klubben og stelte han som om det var eit lite barn. No skulle «fedrane» til dette vedunderet endeleg få hemn – dei skulle slå arrogante meisterspelarar som meg sjølv. Mephisto var den nye verdsmeisteren for datamaskinar, og ein «far» til Mephisto ville arrangera ein seriøs duell over fire parti mellom maskinen og meg. Eg sa ja då han sette opp ein stor pengepremie til vinnaren av kampen (altså meg eller han sjølv).
Eg vann ganske lett fyrste parti. I eit anna parti gjekk straumen, og då han kom attende, spela Mephisto som eit barn. Eigaren var på gråten. Før det siste partiet forsvann han og Mephisto frå klubben. Eg såg dei aldri meir og fekk aldri pengane.
Det same året skulle ein luring ha meg til å kjøpa ein Atari-maskin med ein sjakkdatabase for berre 20.000 kroner. Eg takka nei, men eit par år seinare fekk ein treningskamerat av meg ein ny tysk maskin. Han vart ståande ved brødboksen på kjøkenet. Vi analyserte sjakk i stova og nytta sjeldan «tyskaren». Ved inspeksjon ein gong hadde han samla så mykje kjøkenfeitt og brødsmular at vi fekk voner om at det kunne utvikla seg intelligent liv der inne.
Så kom VM-kampen i 1993 mellom Kasparov og Short. Ein informatikkstudent tok meg opp til ein terminal på Blindern, der vi såg trekka tikka inn på skjermen: «1. e2–e4». For fyrste gong var eg verkeleg imponert over maskinane. Eit par år seinare kunne ein spela lynsjakk på internett, og det var ikkje lenger naudsynt å bu i Oslo for å verta god.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.