Sjakk

Ei språkreise

Publisert Sist oppdatert

Ein gong for lenge sidan oppdaga eg språkpedagogen Ilja Frank medan eg surfa på internett. Den russiske polyglotten (ein som kan eit dusin språk eller fleire) har eit genialt enkelt prinsipp: Ein hugsar betre det som er interessant.

Metoden til Frank for å læra nye språk er å lesa spanande tekstar på framandspråket frå dag éin. Spørsmålet er: Kva er du interessert i? Her kjem språkreisa mi:

Då eg var ni–ti år gamal, fekk eg ein bunke sjakkbøker frå samlinga til onkelen min, som hadde reist til Amerika. Sjakkbøkene hans frå 1960-talet var austtyske. Tysk var sjakkspråket den gongen. Så eg byrja studera opningsteorien: «Weiß ist am Zug…». Eg elska innhaldet og fekk kontroll på sjakktrekka.

Nokre år seinare fekk eg Spillet i mitt liv av André Bjerke frå ei tante. Det var den fyrste vaksenboka eg slukte på norsk. Like etter fann eg i bokhylla heime Sjakknovelle av Stefan Zweig i omsetjing. Eg var heilt i mi eiga verd medan eg las Bjerke og Zweig. Det var mitt møte med vaksenverda.

Så sende onkelen min frå Amerika ei ny bok i posten: Searching for Bobby Fischer, ei far–son-forteljing av sjakkpappaen Fred Waitzkin. Det var fyrste gongen eg las ei engelsk vaksenbok utan å tenkja over språket. Eg var altfor fascinert av sjakkreisa til sonen Josh Waitzkin til å bry meg med ukjende gloser.

Etter gymnaset byrja eg studera fransk. Det var kjekt med Balzac og Proust, sjølvsagt, men for ei lukke det var å oppdaga at ein kunne kjøpa sjakktidsskriftet Europe Échecs i franske aviskioskar. Eg slukte kvart ord, og snøgt var eg fullt integrert i det franske sjakkmiljøet.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement