Sjakk
Ei sjuk katte
Faksimile frå artikkelen til nettavisa Meduza som dokumenterer den mørke sjakkverda, der Katta til Afromejev trivst.
Den 12. februar går eg inn på det mørke, russiske sjakkforumet Pesjka (Bonden). Eg ser fleire heilt vanlege bilete av profesjonelle sjakkspelarar, men bilettekstane er av typen: «Stormeisterhora Alina Bivol skal i kveld ha heftig sex med trenaren sin.»
Brukaren, Katta til Afromejev, står bak fire tusen slike meldingar berre på dette forumet. Det som overraskar meg mest, er at nye bilete vart lagde ut 11. februar, 10. februar… og 7. februar – dagen då ein stor trakasseringsskandale vart offentleg kjend.
Korleis har Katta til Afromejev fått halda fram med sjikanen av russiskspråklege sjakkspelarar i over ti år? Kven er han? Men det er òg ei anna, parallell historie, som gravejournalistar frå Meduza (kvalitetsjournalistikk som offisielt er svartelista med merkelappen «utanlandsk agent» i Russland) har arbeidd med i to år. Den 7. februar publiserte dei materialet sitt.
Dei siste ti åra har fleire titals kvinner – kjende namn i internasjonal og russisk sjakk – fått kvite konvoluttar i posten. Alle breva er utan tekst, men inneheld eit pornografisk bilete og ein kondom med sæd. Stormeister Alina Bivol (26) har fått 15 slike brev.
For nokre år sidan fekk det 14 år gamle kasakhstanske stortalentet Bibsara Assaubajeva brevporno med Fide-verdsmeister Aleksandr Khalifman (56) som avsendar. Men jenta frå Kasakhstan og Khalifman er berre to av mange mottakarar/avsendarar i denne saka.
Journalistane i Meduza fekk hjelp av ein ukrainsk hackar som skal ha spora opp identiteten til Katta til Afromejev: ein 40 år gamal internasjonal meister frå Riga. Latviaren skal ha operert med ei rad ulike kallenamn på nettet. Då Khalifman vart konfrontert med brevpornoen, sa han straks at den bisarre Katta til Afromejev kan vera sjuk nok til å gjera noko slikt.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.