Ei scene
frå Horten
Lykke-Merlot frå Sandefjord vitja sjakklubben i Horten og sette punktum for ei bisarr sak.
Foto: Rolf Haug
Den tidligare leiaren i Horten Sjakklubb, Per Heggard Engebretsen (83), spurde i eit lesarbrev i lokalavisa Gjengangeren i 2016 om kva som var i ferd å skje med klubben. Kva tenkte dei på, sjakkspelarane i byen?
Engebretsen var ikkje på plass denne kvelden, onsdag 7. mars 2018. Det vesle persongalleriet var ekstraordinært. Turneringsleiaren, sjølv den einaste meisterspelaren i klubben, var på plass. Han hadde tapt mot den synshemma Nybyrjaren veka før. For folk utanfor Horten var det eit prov på at Nybyrjaren heldt fram med juks etter å ha vore utestengd frå sjakken i to år. Noregs Sjakkforbund hadde plan om eit løynt raid for å avsløra han, då ei ni år gamal jente frå Sandefjord kom dei til unnsetning.
Ein lokal, sjakkspelande psykolog som ei veke tidlegare hadde gått ut i Gjengangeren med «prov» på at Nybyrjaren var uskuldig, var på plass. På plass var òg ein journalist frå NRK – sjølv medlem i klubben – og ein straffedømd sjakkspelar på permisjon frå fengselet og 21 års soning.
Rosina i pølsa var oppgjeret mellom Nybyrjaren og heile Sjakk-Noregs maskot, Lykke-Merlot Aurora April Bowitz Helliesen (9), jenta som vart oppdaga av Simen Agdestein då ho var 6 år gamal. TV 2 laga seinare ein dokumentar om Lykke-Merlot, og i 2017 slo ho alle gutane og vart noregsmeister i yngste klasse.
Den karismatiske far til jenta var på plass. Han driv med fekting og fransk vin, har vore politikar i Frp og har hatt ei «skikk og bruk»-spalte i Rogalands Avis. Han og kona skapte overskrifter i 2005, då dei var med i realityserien Fagerstrand på TV 2 og vart truga med politiet etter å ha avlytta dei andre deltakarane med diktafon.
Det gjekk som det måtte gå. Pappa Helliesen oppdaga snøgt at Nybyrjaren juksa mot Lykke-Merlot. Han filma jukset, medan dei andre stimla saman rundt bordet. Psykologen skal ha ynka seg. Den straffedømde var moralsk indignert over jukset og ville gå til fysisk aksjon – korleis kan ein søkka så djupt? Nybyrjaren vart etter denne kvelden ekskludert frå norsk sjakk på livstid.
Atle Grønn
Atle Grønn er internasjonal
meister i sjakk.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Judith Butler er filosof og ein frontfigur innanfor kjønnsteori.
Foto: Elliott Verdier / The New York Times / NTB
Ein endrar ikkje naturen med talemåtar
Dombås Hotell brenn 19. mai 2007.
Foto: Kari Anette Austvik / NTB
Frå bridgeverda: Svidd utgang
Kjersti Halvorsen er psykolog og forfattar.
Foto: Lina Hindrum
Fadesar og fasadar
Roboten blir til mens vi ror.
Det er naturleg å rykkja til når ein skjønar at laget ein spelar eller heiar på, rykkjer ned (jf. opprykk, nedrykk), skriv Kristin Fridtun. Her tek Ranheims Mads Reginiussen til tårene etter nedrykk i eliteseriekampen i fotball mellom Rosenborg og Ranheim på Lerkendal Stadion (3-2).
Foto: Ole Martin Wold / NTB
I rykk og napp
Det er naturleg å rykkja til når ein skjønar at laget ein spelar eller heiar på, rykkjer ned.
Ein soldat ber eit portrett av den drepne våpenbroren og aktivisten Pavel Petrisjenko i gravferdsseremonien hans i Kyiv 19. april. Petrisjenko døydde i kamp mot russiske okkupantar aust i Ukraina. Han er tidlegare omtalt i denne spalta fordi han arbeidde for å stogge pengespel som finansiering av det ukrainske forsvaret.
Foto: Valentyn Ogirenko / Reuters / NTB
Hagen til Kvilinskyj finst ikkje lenger
Alle historier, det gjeld òg dei som ser ut til å ha nådd slutten, har eit framhald.