Ei god og ei dårleg side
Overforbruk av alkohol var viktigaste dødsårsak for russiske menn i aldersgruppa 16–55 år i 2006, då dette biletet frå T-banen i Moskva vart teke.
Foto: Dmitry Beliakov / AP / NTB scanpix
Kjennarar av nyare norsk historie vil sjå at tittelen på denne saka er inspirert av eit visdomsord som er tilskrive den kjende norske samfunnsfilosofen Pål Steigan (f. 1949): «Alle ting har ei god og ei dårleg side.» Nokre av oss nordmenn kom til verda utan ski på beina, derimot med minst éin raudblyant i handa, og vi møtte dagen og dagslyset med ei overtyding om at somme fenomen, eit og anna politisk parti, til dømes, kan ha fleire dårlege sider. Den raudblyanten – eller kanskje han er blå – skal få kvila i dag. Derfor skal vi halda oss til tittelen og skriva ein stubb om president Vladimir Putin, tre år yngre enn Steigan.
Mellom dei gladmeldingane den russiske presidenten har fått no, er ein rapport frå Genève. WHO, FNs helseorganisasjon, har granska endringane i alkoholforbruket i Russland. Det er eit langt og sørgjeleg kapittel, ikkje minst fordi det er ei hovudårsak til at levealderen for russiske menn har vore mellom dei lågaste i den industrialiserte verda. Dette har endra seg i positiv lei sidan hundreårsskiftet. Kong alkohol, som av lettfattelege ideologiske grunnar har teke bustad i zoologien og helst vert kalla «den grøne slangen», blir rekna som hovudårsak til arbeidsulykker, frostskadar med dødeleg utfall og kreftformer som uavvendeleg og temmeleg raskt fører fram til endestasjonen på gravlunden: munn-, strupe- og tungekreft. Overforbruk av alkohol var viktigaste dødsårsak for russiske menn i aldersgruppa 16–55 år.
Talet på slike krefttilfelle er halvert dei siste 15 åra, og ein skal vera svært russisk-fiendtleg for å meina at dette er dårleg nytt. Kva som har spela inn, er meir uklårt, men ein gryande feminisme og ein større og sterkare middelklasse vert nemnde som faktorar: Ingen kvinner, heller ikkje dei russiske, synest det er stas med ein stupfull elskar eller barnefar.
Generalsekretær Mikhail Gorbatsjov, fødd 20 år før Putin, prøvde seg med ein restriktiv alkoholpolitikk i 1980-åra. Men han var meir utaktisk enn Putin, og dei to viktigaste fylgjene var sterk auke i salet av sukker og gjær, og det satiriske oppnamnet «mineralsekretær». Han er ikkje utan humoristisk sans, men dette var ikkje morosamt.
Putin og mennene rundt han er sikkert glade for WHO-rapporten, men så var det den dårlege sida. Dei siste meiningsmålingane – den aller seinaste hadde talknusarane i den nokolunde regjeringstrugne avisa Nezavisimaja Gazeta gått laus på no måndag – viser at president Putin og enda meir statsministeren hans, Dmitrij Medvedev, får stendig lågare tal. Halvparten av russiske veljarar synest at Medvedev gjer ein dårleg jobb. Putin får tommelen opp hos 75 prosent av dei. Mange leiarar i Vesten ville ha vore himmelropande nøgde med slikt. Men etter at Putin la Krim under seg i 2014, var han høgt oppe på 80-talet, og han har hamna på ei sklie, han òg, om ho ikkje er fullt så bratt som Medvedevs.
Kvifor? Det heng saman med pensjonsspørsmålet, om no Erna Solberg skulle finna trøyst i at det er vanskeleg fleire stader. Når folk lever lenger, vert det fleire som har krav på pensjon. Så da reknemeistrane i det russiske finansdepartementet kom til at pensjonsalderen måtte opp, var det mange som sat fast i den «gamle» låge aldersgrensa og rekna ut at dei nok var på kyrkjegarden før dei nådde den nye. Null pensjon trår ingen etter, og dermed demonstrerte dei og/eller gav meiningsmålarane utrivelege svar.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.