Eg var meg i auromheime

Målarstykke frå Olaf Willums’ (1886–1967) serie «Draumkvedet».
Målarstykke frå Olaf Willums’ (1886–1967) serie «Draumkvedet».
Publisert

«Eg var meg i auromheime», kved Olav Åsteson i Draumkvedet, vårt fremste visjonsdikt. Han har vore i den andre heimen, på den andre sida av døden og vår daglege røyndom, frå «joleftan til trettandagjen». Og han har mykje å fortelje.

Visjonen, der menneske får innsyn i det evige og oversanselege, er ei kjend forteljeform. Klassikaren hos oss er Johannes Openberring, der sjåaren på Patmos får innsyn i dei siste tider og livet i æva, etter døden.

Den store visjonære på våre kantar er den heilage Birgitta i Vadstena. Ho fekk visjonar frå Gud som prestar hjelpte henne å skrive ned. Familien hennar var aktive politisk og motstandarar av kong Magnus Eriksson. I sine visjonar til Birgitta var Gud svært kritisk til kongen. Han kom med grove skuldingar mot Magnus, mellom anna om seksuelle utskeiingar. Historikarar har påvist eit påfallande samanfall mellom det Gud meinte og det Birgittas partifrendar meinte. I dag er kong Magnus reinvaska for det omdømmetapet Gud og Birgitta påførte han. Han var ein god konge. Og Birgittas munkeorden, birgittinarane, lever framleis.

Muhammed var ein stor visjonær. Han fekk koranen frå Allah, og islam var skapt.

I boka Stemmer frå ei fjern tid fortel Josten Fet om Eids-Marit-visa, eit visjonsdikt frå Sunnmøre, trykt i 1769.

Marit var sjuk og svimmel, og hendes Svaghed tog jevnlig til, indtil den 19. januari 1768 da hun i 6 Timer var ganske død og uden Følelse; men imidlertid saae Afgrundens Fælhed og hørte et jammerlig Skrig, samt paa et andet sted saae GUD sidde paa sin majestætiske Throne, omringet af Englers mange Tusinde, og at tilbedes af alle Hellige og Udvalgte etc. Ja, blev underrettet af en Engel, som kom flyvende til hende fra den store Skares Mangfoldighed, at hun endnu havde en kort Tid tilbage at leve, og imidlertid kundgiøre de Ting, som han nu vilde sige hende.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement