Eg var meg i auromheime
Målarstykke frå Olaf Willums’ (1886–1967) serie «Draumkvedet».
«Eg var meg i auromheime», kved Olav Åsteson i Draumkvedet, vårt fremste visjonsdikt. Han har vore i den andre heimen, på den andre sida av døden og vår daglege røyndom, frå «joleftan til trettandagjen». Og han har mykje å fortelje.
Visjonen, der menneske får innsyn i det evige og oversanselege, er ei kjend forteljeform. Klassikaren hos oss er Johannes Openberring, der sjåaren på Patmos får innsyn i dei siste tider og livet i æva, etter døden.
Den store visjonære på våre kantar er den heilage Birgitta i Vadstena. Ho fekk visjonar frå Gud som prestar hjelpte henne å skrive ned. Familien hennar var aktive politisk og motstandarar av kong Magnus Eriksson. I sine visjonar til Birgitta var Gud svært kritisk til kongen. Han kom med grove skuldingar mot Magnus, mellom anna om seksuelle utskeiingar. Historikarar har påvist eit påfallande samanfall mellom det Gud meinte og det Birgittas partifrendar meinte. I dag er kong Magnus reinvaska for det omdømmetapet Gud og Birgitta påførte han. Han var ein god konge. Og Birgittas munkeorden, birgittinarane, lever framleis.
Muhammed var ein stor visjonær. Han fekk koranen frå Allah, og islam var skapt.
I boka Stemmer frå ei fjern tid fortel Josten Fet om Eids-Marit-visa, eit visjonsdikt frå Sunnmøre, trykt i 1769.
Marit var sjuk og svimmel, og hendes Svaghed tog jevnlig til, indtil den 19. januari 1768 da hun i 6 Timer var ganske død og uden Følelse; men imidlertid saae Afgrundens Fælhed og hørte et jammerlig Skrig, samt paa et andet sted saae GUD sidde paa sin majestætiske Throne, omringet af Englers mange Tusinde, og at tilbedes af alle Hellige og Udvalgte etc. Ja, blev underrettet af en Engel, som kom flyvende til hende fra den store Skares Mangfoldighed, at hun endnu havde en kort Tid tilbage at leve, og imidlertid kundgiøre de Ting, som han nu vilde sige hende.
Av dette vart det eit dikt på 42 vers, trykt etter Naboernes Bekræftelse om Tildragelsens Riktighed, og deres Begiæring til Trykken befordret.
Visjonane auka på, midt på 1800-talet gjekk det ei bølgje av bortrykkingar i einskilde nypietistiske miljø rundt i landet, skriv Fet. Han listar opp nokre av dei:
Jonas Haagensen var ein svensk smed. I 1801 hadde han sin visjon, som vart utforma som den mest drastiske av visjonstekstane på 1800-talet. I 1840 vart visjonen trykt på Aarflots boktrykkeri på Ekset.
Marta Lassedotter Hæggestad var frå Veitastrond, «enfoldig med ringe kundskaber», som det vart sagt. Ho såg inn i himmel og helvete i 1840-åra og vart kalla Syne-Marta.
Erika Larsdatter Bogen var bondejente frå Lindås, fødd 1828. 3. februar 1851 viste ein Herrens engel seg for henne og refsa menneska for deira «store Vantro».
Kari Heie frå Flå i Hallingdal fekk si første openberring i 1851. Ho såg forferdelege ting i helvete.
Dorthea Kirkhorn, fødd 1832, vart gift med bakaren Søren Hilde på Eid i 1855. Då byrja ho å bli bortrykt og sjå syner. Bakaren skreiv synene ned og samla dei i skriftet Beretninger om de syner Gud i min sygdom har ladet mig se (Bergen 1855).
Visjonane kan vere svært konkrete. I éin visjon har dei «Udvalgtes Ære-Dragt» i ulik glans, i eit slag gradering. I ein annan visjon har dei ulikt skinande stolar, etter forteneste.
Ei sekulær ettertid har nok problem med å forstå alvoret i desse visjonane, både for dei som fortalde og dei som høyrde. Det evige livet, med himmel og helvete, hadde faktisk, geografisk og eintydig eksistens. Og Bibelens forteljingar gav fantasien råstoff.
Etter kvart vart himmelen, som Gudsriket over stjernene, borte. Over stjernene var det berre eit uendeleg univers. Og djevelen miste sin fysiske bustad under jorda.
Både Gud og djevel vart på sett og vis utan fast adresse. Gud og djevelen, himmel og helvete, vart meir abstrakte og mindre konkrete.
Og då vart det mindre å dikte om. Visjonane vart borte.
Andreas Skartveit
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Teikning: May Linn Clement
Å forveksla aggressor med forsvarar
«Etter at Putin kom til makta hausten 1999, har Russland ført ei heil rad med krigar.»
Den nyfødde kalven.
Foto: Hilde Lussand Selheim
Ei ny Ameline er fødd
Vårsøg – også kalla Tripso sidan ho var så skvetten som ung, spissa øyro for ingenting og trippa med beina inn og ut av fjøset – fekk ein ny kalv natt til 13. mai.
Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.
Foto: Another World Entertainment
Skrekkeleg skuffande
Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.
Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.
Foto: Samuel Hess
Mindre er meir
Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.
Blaz (Aristote Luyindula) (t.v.) har ikkje stor tiltru til systemet, men aktivisten Haby (Anta Diaw) kjempar for å forbetre tilhøva i den falleferdige bustadblokka deira.
Foto: Laurent le Crabe
Oppussinga
Ladj Ly lenar seg mot melodrama etter ein rå debut.