JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kunnskap

«Eg toler ikkje ungar som græt i sjakken»

Sjakk er arbeid.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Atle Grønn er internasjonal meister i sjakk.

Foto: Fredrik Hagen

2275
20240126
2275
20240126

Eg toler ikkje ungar som græt. Altså, eg har ikkje problem med ungar som græt på tog eller fly eller på hytta når ein spelar ludo og kort. Men eg toler ikkje ungar som græt i sjakken.

Det er nok av di sjakk er ein så stor del av livet mitt. Sjakk er arbeid. Tenk deg at du har ein lang arbeidsdag på kontoret. Du skal gjera ferdig noko som krev full konsentrasjon i fire–fem timar. Ein kollega har med barnet sitt på jobb. Greitt nok. Men ungen sit nokre meter frå deg og græt. Det er ikkje til å halda ut.

Då eg sjølv var sjakkbarn, konkurrerte eg i ni år med og mot sjakkvenene mine på Ila skule. Vi gret aldri. Mine eigne sjakkborn, ein son og ei dotter, gret aldri. Dei skjøna alvoret.

Då barna mine gjekk på Bjølsen skule, vart eg sjakktrenar. Skulen på Oslo aust var den gongen rangert som nummer 1790 i ei miljøundersøking av alle 1791 norske skular. Men sjakken gjekk bra. Etter fem år med hardt arbeid vann vi noregsmeisterskapen for skulelag. Ingen gret, jamvel om det vart nokre slag og spark undervegs.

«Eg fekk overtaket, og han byrja kjempa mot tårene.»

Så til dei som græt: Det var guten som gret etter eit tap, slutta med sjakk og vart landslagsspelar i fotball.

Og så var det seksåringen som stod tårn under mot ein mann som hadde tatt fri frå jobben og sett av dagen til dette sjakkpartiet. Guten gret og gret. Han belja.

Det var uuthaldeleg for oss andre spelarar i turneringa. Eg la sjølvsagt skulda på foreldra, som sende guten inn i ei verd han ikkje var mogen for. Det verste var då mora føreslo for den godt vaksne motstandaren – for å få slutt på gråten – at dei kunne ta remis. Då reagerte dei ekte sjakkspelarane i lokalet. «Det er nok no. Farvel!» Guten er i dag ein av landets beste spelarar.

Og så var det tenåringen som eg hadde kjent heile livet. Eg lika han godt, jamvel om han gret altfor mykje då han var yngre. No var han i noregseliten, og vi kjempa hardt mot kvarandre over brettet. Eg fekk overtaket, og han byrja kjempa mot tårene. Han klarte ikkje lenger notera trekka sine. Eg stansa klokka, kalla på domaren og kravde at motstandaren min skjerpa seg. Han pilte ut av lokalet, og domaren noterte ein siger til meg.

Atle Grønn

Atle Grønn er internasjonal meister i sjakk.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Rita Paramalingam er fødd i 1993 i Oslo og er jurist. Ho debuterte i 2017 og kjem no med sin andre roman.

Foto: Marthe Haarstad

Meldingar

Den vanskelege sameksistensen

Rita Paramalingam skriv overtydande om sosial dysfunksjonalitet.

Odd W. Surén

Teikning: May Linn Clement

BokMeldingar
Olav H. Hauge

Olav H. Hauge-dagbøkene

15. mars 1938: «Sume er so redde for å ta frå andre, eller rettare vera ved at dei låner; dei prøver på død og liv vera originale.»

Det er seks år sidan Norma Winstone gav ut førre album.

Foto: Michael Putland / ECM Records

MusikkMeldingar
Lars Mossefinn

Hand-i-hanske-duo

Norma Winstone er ein tekstforfattar av rang.

Erling Indreeide har mellom anna skrive fleire diktsamlingar, musikk- drama og essay.

Foto: Julie Engvik

BokMeldingar
Sindre Ekrheim

Noko for seg sjølv og noko for kvarandre

Erling Indreeide har skrive ei bok som eig ei uvanleg sterk poetisk tankekraft.

Svenske soldatar øver på grensa mellom Noreg og Finland under Nordic Response i 2024.

Foto: Heiko Junge / NTB

Ordskifte

«Det dreier seg om å ha eit truverdig forsvar som held fiendar borte.»

Tor OlavHauge

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis