Kva er skilnaden mellom eddadikt og annan norrøn poesi? Det stutte svaret er at det ikkje er noka skarp grense mellom dei. Til dømes finst det nokre svært «eddiske» dikt som likevel ikkje vert rekna som eddadikt. I mange av dei såkalla fornaldarsogene, som for det meste er oppdikta historier om nordiske og germanske heltar, finn me dikt og diktbrot som både i form og innhald liknar heltedikta i Den eldre Edda. Det er tale om drygt 800 strofer til saman, og i 1903 vart nokre av dei samla og utgjevne i ei bok med tittelen Eddica minora. Tittelen seier mykje om korleis desse dikta har vorte oppfatta: Dei er «den mindre» eller «ringare» Edda.
Rangordninga av norrøne dikt botnar dels i sjølve tekstene, dels i måten dei er overleverte på. Stilen og versbygnaden i eddadikta har mykje sams med dikt frå andre germanske område, men innhaldet merkjer seg ut. Gudedikta i manuskriptet Codex Regius av Den eldre Edda – og liknande dikt i eit par andre manuskript (t.d. Balders draumar) – er dei einaste kjende poetiske verka som tek føre seg den gamle nordiske gudeverda. Heltedikta i manuskriptet fortel om heltar som ofte er kjende frå andre germanske kjelder, men livet deira er sjeldan skildra så noggrant som i Den eldre Edda. Det er ikkje rart at dikta har stått i ei særstilling heilt sidan dei vart «oppdaga» på 1600-talet.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.