Frå historia
Dystert jubileum
Friviljuge sjukepleiarar frå Raudekrossen hjelper influensasjuke på eit mellombels sjukehus i Oakland i USA i 1918.
Foto: Edward A. «Doc» Rogers / AP / NTB
Historia er full av årstal. Det er årstala som set hendingane på plass i historia. Dei er det viktigaste i historia, sa Halvdan Koht.
Historia gjer skilnad på årstala sine. Nokre av dei har fått mykje å vise fram og blir heidra med årlege jubileum, medan andre er fattige på dramatiske og viktige hendingar.
2018 var eit slikt jubileumsår, eit hundreårsjubileum. Det var hundre år sidan den første verdskrigen, den største europeiske krisa til då vart avslutta, og det er hundre år sidan spanskesykja hengde seg på halen av krigen og heldt fram med si nådelause hausting av menneskeliv, mest ungdom, etter at krigen var slutt.
Spanskesykja var ein pandemi, ei farsott som råkar alle, ein influensaepidemi, boren av eit virus. Ho er rekna som den største demografiske krisa på 1900-talet. I Europa døydde 2,6 millionar menneske, i heile verda truleg 50–100 millionar. Svenn-Erik Mamelund har forska på medisinalrapportar frå 1922 og 1923. Han reknar med at 13.000–15.000 menneske miste livet i spanskesykja i Noreg, medan over 1 million – av eit folketal på 2,6 millionar – vart smitta. Smittegraden varierte på mellom 30 og 80 prosent frå distrikt til distrikt. Det var først og fremst ungdom som vart råka, menn mellom 25 og 29 år. Sjukdommen bar gjerne med seg lungebrann, som ungdommane då døydde av.
4800 vart enke eller enkemann, og fødselstalet gjekk ned.
Mor og far var begge fødde i 1908. Dei fortalde med gru om alle ungdommane som døydde «i spanskå», som dei sa. Sverige vart også råka, og ei svensk lokalavis fortel om ein familie der far og to døtrer døydde på same dag, etter at ei dotter var død tre dagar før. Kyrkjegarden såg ut som ein nypløgd potetåker, sa ein som hadde opplevd det som hende.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.