Dyrskue, fesjå, utstilling

Unemnd mann med telemarksoksen Trygve (3 3/4), fotografert i 1902.
Unemnd mann med telemarksoksen Trygve (3 3/4), fotografert i 1902.
Publisert

Ja, desse bygdefestane har mange namn. Dei melde seg i historia rundt 1850. Den norske kornproduksjonen var truga frå utlandet, frå den amerikanske prærien og seinare frå det russiske svartehavsområdet. Det måtte salast om. Og det vart gjort. Det norske jordbruket, eit kornjordbruk, var på veg til å bli det husdyrbruket det i dag er.

Og då kom husdyra i sentrum. Arbeidet med å betre kurasane starta, og dyreutstillingane gjekk inn i dette arbeidet. Første gongen storfe vart viste på sjå, var i Vikersund i 1851. Første rasesjået, eit sjå for telemarkskyr, var i Seljord i 1856, starten for det store telemarksjået Vinje gjorde udøyeleg med den kjende talen sin.

Det var ein svenske, statsagronom Lindequist, som utforma reglane sjåa skulle styre etter. Han snakka om korleis dyra skulle sjå ut. Om oksane skriv han: «Dersom det lader sig giøre, ønskes Mødrene foreviste ved siden av udstillede Tyre. Kvigerne maa være faldne efter gode Melkekjør, som også gjerne ønskes foreviste.»

Og så kom det: «Det kan ikke nytte at udstille magre og vanrøktede Dyr, thi saadanne sættes ud af Betraktning ved Bedømmelsen og forresten vilde det være liden Hæder at vinde ved at stille saadanne Dyr til Skue. Hensigten med Dyreskuerne er blant Andet at søge oppmuntre Folk til god Foring og godt Stel. Det vilde følgelig være meget uklogt at uddele Præmie for magre og utsultede Kjør.»

Første fesjå i Rogaland var på Skeiene i Høyland i 1861 med æreport, lauv og flagg. Amtmannen tala om den store framgangen i jordbruket som hadde ført oss så langt vi i dag var komne, «stedse dragende Civilisationen med sig». Men han sa meir: Med same fôring kan to kyr gje svært ulik mjølkemengd. Dette kjem ikkje til å bli klårt «for Landmanden før denne (…) vender sig til at holde Regnskab over sit Kreatursteld». Det er kontrollaga han peikar mot, kanskje utan å ha heilt presise tankar. Og kontrollaga kom og vart ei løftestong for feavlen og avlsarbeidet, med rangeringar mellom kyr og buskapar, ein sportsleg konkurranse gardimellom.

90 år etter amtmannens tale, i 1951, var eg kontrollassistent i Hesby kontrollag og sykla frå gard til gard, vog mjølk, slo ut feittprosent og sette opp fôringslister. Rekneskapen over «Kreatursteldet» var komen. Amtmannen hadde sett langt og rett.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement