JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kunnskap

Dyrskue, fesjå, utstilling

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Unemnd mann med telemarksoksen Trygve (3 3/4), fotografert i 1902.

4315
20171020
4315
20171020

Ja, desse bygdefestane har mange namn. Dei melde seg i historia rundt 1850. Den norske kornproduksjonen var truga frå utlandet, frå den amerikanske prærien og seinare frå det russiske svartehavsområdet. Det måtte salast om. Og det vart gjort. Det norske jordbruket, eit kornjordbruk, var på veg til å bli det husdyrbruket det i dag er.

Og då kom husdyra i sentrum. Arbeidet med å betre kurasane starta, og dyreutstillingane gjekk inn i dette arbeidet. Første gongen storfe vart viste på sjå, var i Vikersund i 1851. Første rasesjået, eit sjå for telemarkskyr, var i Seljord i 1856, starten for det store telemarksjået Vinje gjorde udøyeleg med den kjende talen sin.

Det var ein svenske, statsagronom Lindequist, som utforma reglane sjåa skulle styre etter. Han snakka om korleis dyra skulle sjå ut. Om oksane skriv han: «Dersom det lader sig giøre, ønskes Mødrene foreviste ved siden av udstillede Tyre. Kvigerne maa være faldne efter gode Melkekjør, som også gjerne ønskes foreviste.»

Og så kom det: «Det kan ikke nytte at udstille magre og vanrøktede Dyr, thi saadanne sættes ud af Betraktning ved Bedømmelsen og forresten vilde det være liden Hæder at vinde ved at stille saadanne Dyr til Skue. Hensigten med Dyreskuerne er blant Andet at søge oppmuntre Folk til god Foring og godt Stel. Det vilde følgelig være meget uklogt at uddele Præmie for magre og utsultede Kjør.»

Første fesjå i Rogaland var på Skeiene i Høyland i 1861 med æreport, lauv og flagg. Amtmannen tala om den store framgangen i jordbruket som hadde ført oss så langt vi i dag var komne, «stedse dragende Civilisationen med sig». Men han sa meir: Med same fôring kan to kyr gje svært ulik mjølkemengd. Dette kjem ikkje til å bli klårt «for Landmanden før denne (…) vender sig til at holde Regnskab over sit Kreatursteld». Det er kontrollaga han peikar mot, kanskje utan å ha heilt presise tankar. Og kontrollaga kom og vart ei løftestong for feavlen og avlsarbeidet, med rangeringar mellom kyr og buskapar, ein sportsleg konkurranse gardimellom.

90 år etter amtmannens tale, i 1951, var eg kontrollassistent i Hesby kontrollag og sykla frå gard til gard, vog mjølk, slo ut feittprosent og sette opp fôringslister. Rekneskapen over «Kreatursteldet» var komen. Amtmannen hadde sett langt og rett.

I Rogaland var det Stavanger Amts Landhusholdningsselskab som i 1859 tok opp tanken om fesjå i Rogaland. Dei prøvde å få Finnøy, heimeøya mi, i gang. Dei skulle få fesjå om heradstyret ville vere med og betale ein del av premiane. Svaret var kontant: «Enstemmig Beslutning: Til Dyrskue bevilges intet.» To år seinare kom saka opp igjen med nytt vedtak: «Enstemmig Beslutning om at yde det Nødvendige.»

Så vart det fesjå på Finnøy 9. oktober 1874. Amtmannen var der også og heldt ein optimistisk tale om framtida for jordbruket. Det vart stilt ut dyr, men også smør, ost og andre jordbruksvarer. Referatet fortel kanskje meir enn tanken var. «Hornkvæget» vart dømt av dyrlegen, amtsagronomen og ein herr Stangeland. «Faarene» vart dømde av proprietær Nyman, medan smøret vart dømt «af nogen tilstedeværende Damer». Desse damene var namnlause.

Desse utstillingane, fesjåa, vart store og festlege arrangement, med skarp konkurranse om premiar og plasseringar i kvalitetsrankinga. Det var stor interesse, mange menneske, kjøp og sal og servering.

Og det utvikla seg underkulturar, som ein namnekultur. Dyra på gardane har alltid hatt namn – kyr, hestar, geiter og sauer. Når dei no møtte på utstilling, var det snakk om representasjon, å vise seg fram for verda. Så måtte namna veljast nøye.

Olav Varhaug på Varhaug åtte kua Pandora. I gresk mytologi er Pandora opphavet til all ulykke i verda. Så ikkje her. Ho fekk ei rad oksekalvar som kom til å dominere feavlen i Rogaland. Slik vart ho si tids kjendis i fylket.

Oksen Bismarck fekk premie på den første utstillinga på Finnøy. Avlshingsten heitte Gandhi og var kjøpt i Nordfjord. Vêren Boszik, oppkalla etter ein ungarsk fotballspelar, fekk kvit sløyfe. Dronninga og Prinsessa vandra rundt i saueflokkane. Namneskatten vart tatt i bruk i full breidd.

Men det var klåre avgrensingar. Paulus og Moses mønstra aldri på utstillingar på Finnøy, eller nokon anna stad. Ikkje Maria heller. Men Balder, Odin og fleire andre måtte finne seg i å møte opp.

Andreas Skartveit

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Brystkreft er den vanlegaste kreftforma blant norske kvinner. Biletet er frå Rosa sløyfe-aksjonen mot brystkreft, arrangert av Den norske Kreftforeningen.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

HelseSamfunn

Kven bør få tilbod om mammografi?

Norske kvinner får eit heilt anna råd enn svenske
og amerikanske.

Christiane Jordheim Larsen

Teikning: May Linn Clement

Ordskifte
Halvor Tjønn

Å forveksla aggressor med forsvarar

«Etter at Putin kom til makta hausten 1999, har Russland ført ei heil rad med krigar.»

Den nyfødde kalven.

Den nyfødde kalven.

Foto: Hilde Lussand Selheim

Samfunn
Svein Gjerdåker

Ei ny Ameline er fødd

Vårsøg – også kalla Tripso sidan ho var så skvetten som ung, spissa øyro for ingenting og trippa med beina inn og ut av fjøset – fekk ein ny kalv natt til 13. mai.

Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Skrekkeleg skuffande

Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.

Høgpatogen fugleinfluensa spreier seg stadig og har no råka mjølkekyr i USA.

Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB

DyrFeature

Influensa-alarm

I mars i år blei det slått full smittealarm i USA. Fugleinfluensa er no funne i meir enn 40 mjølkekubesetningar frå ti ulike delstatar.

Arve Nilsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis