Dyrevelferd
Kva medkjensle har vi for fisken, og korleis kan vi vite kva fisken treng for å ha eit godt liv? Fisk er i alle fall ikkje glad for å bli handsama og løfta ut av vatnet på dette viset.
Foto: Veterinærinstituttet
«Å tene dyra er å gagne menneska.» Dette sitatet frå den franske forfattaren Émile Zola møtte oss som unge studentar ved den gamle Veterinærhøgskulen på Adamstua i Oslo. Vi blei høgtideleg innrullerte som sveinar i teneste hos veterinærvernehelgenen St. Blasius, som visstnok vart heilagkåra på grunn av stor omsut for alt levande.
I gamle dagar snakka vi om dyrevern, vi var stolte over at vi var eit av dei første landa i verda med eiga dyrevernlov alt i 1935. I 1980-åra lærte eg på dyrlegeskulen om den flotte dyrevernlova frå 1974 med den poetiske og vakre, om enn ikkje heilt presise, formuleringa: «Du skal fara vel med dyra og ikkje lata dei lida i utrengsmål.» Lova var ambisiøs for si tid og omfatta både pattedyr, fugl, frosk, salamander, krypdyr, fisk og krepsdyr.
Men samfunnet har endra seg og normene med det. Dei fleste av dei små og mellomstore gardsbruka er erstatta av større verksemder, og i dag er industrielt oppdrett av fisk den største husdyrnæringa i landet. Det kan sjå ut som eit paradoks at kunnskapen vår om dyrs naturlege åtferd og behov har auka proporsjonalt med avstanden mellom folk flest og husdyra dei et til middag.
KVA ER EIN GLAD LAKS?
Med meir kunnskap om det indre livet til dyra har vi auka interessa for at dyra ikkje berre skal vernast mot unødig liding, men òg få høve til å leve eit så godt liv som mogleg. Men folk som jobbar med fiskeoppdrett, veit at det ikkje er så lett å finne ut korleis laksen har det. Laks er ein fisk skapt for å symje langt, for å jakte på mat og for å kjempe seg heim til fødeelva for å gyte. Men i merdane sym han som ein skugge der nede i vatnet, aller helst tett i stim med dei andre laksesyskena sine.
Dei retteleg sjuke laksane ser ein lett, dei plasserer seg ofte høgt i vatnet og der det er lite straum. Dei kan ha synlege skadar som sår, finnerote og skadar i auga, eller dei kan vere små og magre og ha uvanleg mørk hudfarge. Fisk med gjelleskadar gaper mykje og driv kanskje medstraums, fisk med lus kan hoppe, vere uroleg og få hudskadar og sår. Sjuke og daude fiskar kan vi undersøke for å leite etter årsaker og diagnosar. Men alle dei andre fiskane, dei i den store stimen, korleis har dei det? Er dei glade, stressa, bekymra, svoltne eller har dei kan hende litt vondt i magen? Kjedar dei seg der dei sym i kvilelause sirklar?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.